Hopp til innhold

Irland sparar 50 milliardar kroner

Den irske regjeringa vil spare 50 milliardar kroner neste år for å imøtekomme krav frå EU og Det internasjonale pengefondet.

Lenihan viser fram budsjettpapira

Finansminister Lenihan viser fram budsjettpapira.

Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters

Finansminister Brian Lenihan seier innsparinga skal skje dei neste fire åra for å kutte dei store underskota i landet med til saman 15 milliardar euro (120 milliardar kroner).

– Som vi har skissert i planen, seks milliardar euro (48 milliardar kroner) er den samla justeringa vi vil gjere i budsjettet. Storleiken på justeringa er krevjande, men dette viser kor alvorleg vi tar situasjonen, seier Lenihan ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Budsjettet vart levert til Dail, eller underhuset i parlamentet, i dag.

Mindre lønn, meir skatt

Irland må kutte utgifter 4,5 milliardar euro (35 milliardar kroner) og auke skatteinntektene med 1,5 milliardar euro (12 milliardar kroner) for å tilfredsstille EU og Det internasjonale pengefondet.

Det betyr kutt i fleire velferdsordningar, at mange lågtlønna vil få høgare skatt og at det blir kutta i lønna til mange lønnstakarar.

2011-budsjettet skal dermed ta den største delen av dei totale 15 milliardar euroane som Irland har forplikta seg til å gjennomføre.

– Traumatisk tid

Budsjettet blir lagt fram på i ei tid med økonomisk krise i deler av Euro-området.

Protest mot budsjettkutta

Protestane mot budsjettkutta har blitt kraftigare...

Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters

Ireland Financial Crisis

..etter at tala vart lagt fram i dag.

Foto: Peter Morrison / Ap

– Dette har vore ei traumatisk og bekymringsfull tid for våre borgarar, seier Lenihan.

Han seier det irske folk er urolege for koneskvensane av at Irland må søkje hjelp for å kome ut av sine økonomiske og finansielle vanskar.

– Dei er urolege for korleis dette skal innverke på liva deira, seier Lenihan.

Han la til at Irland er avhengige av hjelp for å kome ut av ein vond økonomisk sirkel dei har hamna i, og peika på at internasjonale investorar raskt kan miste trua på at regjeringa skal klare å få kontroll over pengeproblema.

Spår vekst

Samtidig spådde han at den irske økonomien skal vekse med 0,3 prosent i år, og dermed hjelpe Irland ut av resesjon.

– Om økonomien er på veg til å bli betre igjen, kvifor må vi ha hjelp då? Svaret er: vi treng støtte for å komme oss ut av den vonde sirkelen som har truga økonomien vår og banksystemet vårt, seier Lenihan.