Regjeringa i Irland har i dag vore i møte for å vedta ein økonomisk plan for dei neste fire åra.
Finansminister Lenihan avviste for berre ti dagar sidan at Irland ville be om kriselån.
Men dette har han i dag gått tilbake på.
– Irland treng hjelp
Irske aviser er fulle av stoff om den økonomiske krisa i landet.
Foto: CATHAL MCNAUGHTON / ReutersEin tiggar ber om pengar i denne folketomme gata i Dublin.
Foto: Peter Morrison / ApHan anbefalar no å be om internasjonal hjelp, melder nyheitsbyrået AFP.
– Eg vil anbefale at regjeringa søkjer økonomisk krisehjelp frå EU og Det internasjonale pengefondet IMF , seier Lenihan.
Ifølgje kringkastaren RTE vil regjeringa skrive under på ein søknad seinare i dag.
Den formelle søknaden er venta i morgon.
Fleire titals milliardar
Lenihan seier det er snakk om fleire titals milliardar euro. Han avviser derimot at det skal vere så meir enn 70-80 milliardar euro (500 milliardar kroner), når RTE spør kor mykje Irland vil låne.
- Les:
- Les:
Irske bankmenn og politikarar har diskutert den finansielle situasjonen i Irland med EU, Den europeiske sentralbanken og IMF
.- Les:
Sterke reaksjonar
Annonsert grillfest på Bank of Ireland. Det er neppe banken som har invitert.
Foto: CATHAL MCNAUGHTON / ReutersDet irske folk og mange politikarar er kritiske til korleis regjeringa møter den økonomiske situasjonen. Fagrørsla åtvarar mot at situasjonen kan føre til bråk.
Avisene er misnøgde med regjeringa:
– De har snakka usant. De har svikta oss. For Irland; gå av! skriv avisa Sunday Independent i dag.
Dei meiner både Lenihan og regjeringa har vore uærlege i måten dei har omtalt samtalane med EU og IMF.
Tidlegare forsvarsminister Willie O'Dea skriv i avisa at regjeringa har øydelagt tilliten frå folket.
Fianna Fail-politikaren John McGuinness meiner eit nyval er på sin plass.
– Fianna Fail som parti må endrast, og det må bli skrive ut nyval, sjølv om det vil bety at partiet misser makta, skriv han i The Irish Mail.
Ein fotgjengar passerer bankfiendtleg grafitti i Dublin.
Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters