Hopp til innhold

Ikkje medlemsavgift for kyrkjefolket

Politikarane droppar tanken om medlemsavgift for medlemmar av Den norske kyrkja, slik Gjønnes-utvalet opna for.

Biskop Stålsett foran Oslo Domkirke

Det var sjeldent stort oppmøte da biskop Stålsett hadde sin siste gudstjeneste i Oslo domkirke.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Framtida for Den norske kyrkja blir avklart i forhandlingar i Stortinget denne veka.

Det går mot ei lausriving for kyrkja på den måten at kyrkja sjølv får utnemne biskopar og prostar.

Men på det økonomiske området blir det inga stor omvelting.

Ikkje avgift

Det offentlege Gjønnes-utvalet opna for tanken om at kyrkjemedlemmane skulle betale medlemskontingent.

Kyrkja sjølv har avvist tanken.

Ingenting tydar på at forhandlingane endar med at kyrkjefolket må betale for å vere medlemmar, stadfestar ulike politiske kjelder overfor NRK. For ingen parti har teke til orde for at dei ønskjer ei slik ordning.

Milliard-fond

I det heile tatt har ikkje kyrkja sin økonomi stått sentralt i dei drøftingane som har vore så langt.

Men temaet må bli diskutert før partia kan inngå ein tverrpolitisk avtale om kyrkja.

Likevel er det mykje som tydar på at finansieringa kan halde fram om lag som i dag, der kyrkja blant anna får støtte frå staten basert på medlemstal.

Fortsatt er det ikkje avklart kva som skal skje med statskyrkja sine fond som er verd mange milliardar kroner.

Les mer: Kirkefond med høyere avkastning ann Oljefondet