NRK Meny
Normal

Russland inn i handelsvarmen etter 18 år med forhandlingar

I dag blei Russland offisielt det 156. fullverdige medlemet av Verdas handelsorganisasjon (WTO). Å investere i Russland er risikofylt, men Europa håpar no på betre forhold i aust.

RUSSIA-FLOODS/

MÅ FØLGJE REGLANE: President Vladimir Putin må sørgje for at Russland følgjer internasjonale handelsreglar når dei trer inn i handelsorganisasjonen WTO.

Foto: POOL / Reuters/NTB Scanpix

Eit Russland prega av skiftande reglar, korrupsjon og favorisering er no eit fullverdig medlem av Verdas handelsorganisasjon (WTO).

Det har tatt 18 år med vanskelege forhandlingar, men med den niande største økonomien i verda som medlem, håpar eit stagnert Europa at Russland blir betre integrert i verdsøkonomien.

Inn i handelsvarmen

Russland har vore den einaste store industrinasjonen som har stått utanfor handelssamarbeidet, og russiske myndigheiter håpar no på auka vekst og større investeringar utanfrå.

Ifølgje Verdsbanken kan det russiske bruttonasjonalproduktet på sikt vokse med 11 prosent i året som følgje av medlemskapen.

Fleire håpar også på at medlemskapen i WTO skal gje enklare tilgang til ein vekstmarknad for eit kriseråka Europa.

Åtvarar mot korrupsjon

Verdsbanken håpar at WTO-medlemskapen skal styrke Russland si integrering i verdsøkonomien, men har ei klar åtvaring.

Skal russarane klare å nytte vekstpotensialet WTO-avtalen gir, må dei til med reformer, skriv Financial Times.

Medlemskapen kan også bety betre forhold mellom Noreg og Russland, men det løyser ikkje alle problema, ifølgje Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO).

– Det er positivt at Russland er blitt medlem av WTO etter mange års forhandlingar. Det vil bety auka føreseielegheit for handel mellom Noreg og Russland, men det løyser ikkje alt, seier seniorrådgjevar Knut R. Sørlie i NHO.

Kan bety mykje for Noreg

Russland er ein viktig marknad for Noreg, men det er ein risiko å investere der, skal vi tru Sørlie.

– Det ligg mange spanande moglegheiter i Russland, men dei slit med eit omdømmeproblem når det gjeld risikoen ved å investere, og det forsvinn ikkje med WTO-medlemskap, seier han.

Mange utanlandske bedrifter har støytt hovudet i det russiske systemet som er prega av korrupsjon, uføreseielege reglar og skiftande rammer.

Må følgje reglane no

Mellom anna Telenor har følt problema på kroppen med striden rundt russiske VimpelCom.

Utanfor WTO har ikkje russarane trengt å halde seg til globale handelsreglar, men det skal ha betra seg dei siste åra.

år Russland no forpliktar seg til WTO sitt regelverk, skal det i prinsippet opne for auka konkurranse og gi klarare reglar for tollsatsar og import.

Det betyr også at Russland i handelskonfliktar no kan klagast inn for WTO.