Hopp til innhold

Hovudpunkt - Statsbudsjettet 2009

Her finn du dei viktigaste punkta for alle departementa i Statsbudsjettet for 2009.

Kristin Halvorsen
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Statsbudsjettet 2009

DEPARTEMENT

BUDSJETT FOR 2009 (i milliardar)

ENDRING FRÅ 2008 (i prosent)

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

272,9

+ 8,0

Helse og omsorgsdepartementet

131,4

+ 13,7

Kunnskapsdepartementet

101,8

+ 12,6

Kommunal- regionaldepartementet

92,7

+ 9,5

Finansdepartementet

90,5

+ 137,5

Olje- og energidepartementet

41,4

+ 38,6

Barne- og likestillingsdepartementet

36,3

+ 6,5

Forsvarsdepartementet

33,5

+ 6,1

Nærings- og handelsdepartementet

32,7

- 24,5

Utanriksdepartementet

31,2

+ 16,2

Samferdsledepartementet

28,0

+ 13,1

Justis- og politidepartementet

19,9

+ 9,4

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

18,7

+ 7,7

Landbruks- og matdepartementet

15,1

+ 4,3

Kultur- og kyrkjedepartementet

8,5

+ 10,2

Miljøverndepartementet

4,1

+ 24,7

Fiskeri- og kystdepartementet

3,7

+ 6,6

Ekspander/minimer faktaboks

Utanriksdepartementet

  • Regjeringa foreslår å setje av 31,2 milliardar kroner til Utanriksdepartementet i 2009. Det er ein auke på 4,4 milliardar kroner frå budsjettet for 2008.
  • Noreg gjev 26,2 milliardar kroner i bistand, 3,9 milliardar meir enn i 2008. For fyrste gong når ein målet om å gje 1 prosent av bruttonasjonalinntekta (BNI) i bistand.
  • Regjeringa aukar satsinga i nordområda med 514 millionar kroner.
  • Løyvinga til profilering av Noreg i utlandet aukar med 10 millionar til 95,5 mill kroner.

Forsvarsdepartementet

  • Regjeringa foreslår å setje av 33.458 millionar kroner til Forsvaret i 2009, ein auke på 620 millionar frå i fjor. Den reelle auken er på 2 prosent.
  • 400 millionar blir sett av til å fylgje opp den nye langtidsplanen for forsvaret for 2009-2012.
  • Regjeringa ynskjer å auke løyvingane til norske styrkar i utlandet med 268 millonar kroner. Noreg vil med det vidareutvikle arbeidet i Afghanistan.

Finansdepartementet

  • Regjeringa vil setje av 90,5 milliardar kroner til Finansdepartementet, ein auke på 137,5 prosent. Årsaka til auken er høgare lånetransasksjonar.
  • Arbeidet med Statens pensjonsfond innsats mot |konomisk kriminalitet og handel med klimakvotar i samsvar med Kyoto-avtala blir prioriterte område.
  • Regjeringa set av 99 millionar ekstra til kontroll av norske skattebetalarar som er knytt til utlandet og til å fylgje opp utanlandske arbeidstakarar som kjem til Noreg.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • Budsjettforslaget til departementet er på 272,9 milliardar kroner. Det er ein auke på 8 prosent frå 2008.
  • Utgiftene til folketrygda utgjer 241,1 milliardar av summen. Det er nær 90 prosent av det samla budsjettet for departementet
  • Hovudprioriteringane er mellom anna gjennomf|ring av NAV-reforma og pensjonsreforma.
  • Tiltak mot sosial dumping og fattigdom blir også prioritert, i tillegg til integrering av innvadrarar.

Kommunal- og regionaldepartementet

  • Regjeringa foreslår å setje av 92,7 milliardar kroner under departementet. Det er ein auke på 9,5 prosent frå 2008.
  • Kommunane skal etter planen få ei samla overføring på 8,4 milliardar kroner. Det inneber 3 prosent vekst.
  • Av dette er 4,7 milliardar kroner frie inntekter, ein vekst p} 2,3 prosent.
  • Dei frie inntektene skal dekkje ei auke av satsane for sosialhjelp, gjennomføring av NAV-reforma og fleire årsverk til pleie og omsorg.

Nærings- og handelsdepartementet

  • Regjeringa foreslår å setje av 32.7 milliardar kroner til departementet. Det er ein nedgang på 24,5 prosent frå 2008. Kutta gjeld lånetransaksjonar. Ser ein bort frå dette, aukar løyvingane med 532 millionar kroner.
  • Regjeringa vil setje av 1,2 milliardar til ordningar under Innovasjon Noreg. Satsing på design og reiseliv blir prioritert.
  • 1,9 milliardar kroner skal gå til næringsrelevant forsking.

Fiskeri- og kystdepartementet

  • Budsjettforslaget for 2009 er på 3.7 milliardar kroner, ein auke på 6,6 prosent frå i fjor.
  • Nordområda blir prioriterte. Regjeringa vil setje av 10 millionar ekstra til marin bioforsking og 3 mill til nytt isgåande forskingsfartøy.
  • Budsjettet til Fiskeridirektoratet er foreslått auka med 10 millionar for å stoppe ulovleg fiske.
  • Oljeverndepota får i budsjettet ein auke på 88 millioner kroner.

Justis- og politidepartementet

  • Budsjettforslaget for 2009 er på 19.9 milliardar kroner, ein auke på 9,4 prosent frå i fjor.
  • Løyvingane til politi og påtalemakta blir auka med 216 millionar kroner.
  • Regjeringa foreslår at opptaket til Politihøgskulen (PHS) blir auka til 552 studentar.
  • Inntektsgrensa til fri rettshjelp blir foreslått auka med 36,3 millionar kroner i 2009.
  • Løyvingane til valdsoffererstatning aukar med 4 millionar.

Landbruks- og matdepartementet

  • Den samla budsjettramma er på 15,1 milliardar kroner, opp 4,3 prosent frå 2008.
  • Størst vekst har det matpolitiske området med 7,4 prosent.
  • Forslaget har ei styrking av driftsbudsjettet til Mattilsynet med 27 millionar kr, mellom anna for å styrkje kontrollen med norsk skjellproduksjon.
  • Støtta til produksjon av økologiske varer aukar med rundt 55 millionar kroner. Av dette er det sett av om lag 30 millionar kroner til ei eiga kampanje for meir korndyrking.

Samferdsledepartementet

  • Regjeringa foreslår 28 milliardar kroner til samferdselsføremål, ein auke på 3,2 milliardar frå 2008.
  • Til vegføremål, medrekna statleg kjøp av riksvegferjetenester, er det sett av i alt 17,04 milliardar kroner, ein auke på 1,6 milliardar (10,4 prosent).
  • Løyvingane til jernbaneføremål er på til saman vel 8,84 milliardar kroner, ein auke på vel 1,3 mrd, eller 17,4 prosent.
  • Innanfor løyvinga til jernbaneføremål er det foreslått nær 3,2 milliardar kroner til investeringar i jernbanenettet.

Helse- og omsorgsdepartementet

  • Budsjettforslaget inneber ein auke på om lag 15,8 milliardar kroner, eller 13,7 prosent, samanlikna med saldert budsjett 2008.
  • Forslaget er påverka av at driftskredittane til dei regionale helseforetaka i private bankar er foreslått endra til kredittar i staten.
  • Forslaget har ein realvekst i løyvingane til dei regionale helseforetaka på om lag 6,5 milliardar kroner.
  • Regjeringa foreslår ein særskilt auke til Opptrappingsplan for rusfeltet på 300 millionar kroner, av desse 148 millionar kroner til spesialisthelsetenesta.

Kunnskapsdepartementet

  • Det samla budsjettforslaget for Kunnskapsdepartementet er på rundt 102 milliardar kroner, ein auke på 12,6 prosent frå 2008.
  • Regjeringa foreslår å bruke rundt 2 milliardar til å styrkje kvaliteten i skulen.
  • Tiltak knytte til å lyfte lærarstatusen, gjere læraryrket meir attraktivt og heve kvaliteten i grunnopplæringa skal prioriterast.
  • Løyvingane til forsking og utvikling aukar med nær 1,6 milliardar kroner. 6 milliardar skal brukast til å opprette regionale forskingsfond.

Miljøverndepartementet

  • Regjeringa foreslår å auke budsjettet til Miljøverndepartementet med 810 millionar kroner, ein auke på heile 24,7 prosent frå i år.
  • Samla er budsjettet for 2009 på 4,1 milliardar kroner.
  • Det er sett av 345 millionar meir til naturmangfald, 129 millionar meir til klima, 268 millionar til kulturminne og 28,6 millionar til miljøovervakning og forsking.
  • Regjeringa foreslår også 55 millionar kroner til nytt skogvern og nasjonalparkvern og 65 millionar til styrka forvaltning.

Kultur- og kyrkjedepartementet

  • Regjeringa foreslår å auke det samla budsjett med 786,5 millionar kroner, til 8 473,5 millionar.
  • 748,3 millionar av auken går til oppfølgig av Kulturløftet. Av dette går 735,1 millionar over budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementet.
  • Utanriksdepartementet løyver i tillegg 13,2 millionar meir til kulturformål, noregsfremjing og informasjonsformål.
  • Regjeringa foresl}r auka tilskot til frivillige tiltak med til saman 55,1 millionar kroner.

Barne- og likestillingsdepartementet

  • Regjeringa forelsår ei samla løyving på 36,3 milliardar kroner under Barne- og likestillingsdepartementet, ein auke på 6,5 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2008.
  • Hovudprioriteringane er auka kapasitet ved familievernkontora og utvida fedrekvote i foreldrepengeordninga frå seks til ti veker.
  • Det er styrkt innsats mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, funksjonsevne etnisitet og religion.
  • Regjeringa vil også betre omsorgstilbodet til asylsøkjarar under 15 år.

Olje- og energidepartementet

  • Den samla løyvinga under Olje- og energidepartementet er foreslått til 41,1 milliardar kroner, ein auke på rundt 31 prosent samanlikna med saldert budsjett 2008.
  • Særleg prioritert er CO2-handtering på Mongstad og Kårstø, energieffektivisering og fornybar energi.
  • Noregs vassdrags- og energidirektorat er styrkt på område som konsesjonsbehandling, rasførebygging, tilsyn, fornybar energi og energiomlegging.
  • Regjeringa prioriterer også oppfylging av forvaltningsplanen for Barentshavet.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

  • Regjeringa vil gje ei samla budsjettløyving på 18,7 milliardar kroner til Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
  • Det er ein reduksjon på 770,1 millionar kroner, eller 4,8 prosent, samanlikna med saldert budsjett for 2008.
  • Høgast prioritert har fleire og betre elektroniske tenester i det offentlege.
  • Regjeringa vil også betre informasjonen om resultat frå statleg verksemd gjennom at StatRes blir utvida til å omfatte fleire område.