NRK Meny
Normal

Gir bankopplysningar til Wikileaks

Ein tidlegare bankmann frå Sveits vil gi Wikileaks opplysningar om folk som har plassert pengar i utanlandske kontoar.

Rudolf Elmer og Julian Assange

Tidlegare sjef for Julius Baer-banken Rudolf Elmer (t.h.) og Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange.

Foto: Lefteris Pitarakis / Ap

Sveitsiske Rudolf Elmer var tidlegare sjef for Julius Baer-banken på Cayman-øyane fram til han fekk sparken i 2002.

Onsdag skal ha møte i retten, tiltalt for å ha brote bankreglar.

I dag fikk Wikileaks overlevert opplysningar frå kontoane til 2000 klientar som har plassert pengar i utlandet og snylta på skatten, melder nyheitsbyrået Reuters.

Vil ta systemet

Kritikarane meiner Elmer gjer dette fordi han er misfornøgd med å bli sparka, noko Elmer avviser.

– Eg er imot systemet. Eg veit korleis det fungerer, sier han på pressekonferansen og forklarar at han veit korleis sofistikerte nettverk blir brukte for å frakte pengar til utlandet.

– Eg har vore der. Eg har gjort jobben. Eg veit at dette er eit dagleg gjeremål, seier han.

Elmer har forklart at det er vanskeleg å få denne informasjonen ut på riktig måte, men at han meiner Wikileaks kan hjelpe han med det.

Desse to diskettane fekk Wikileaks

Desse to diskettane fekk Wikileaks frå den tidlegare bankmannen Rudolf Elmer i dag.

Foto: CARL DE SOUZA / Afp

Vil offentleggjere

Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange møtte sjølv opp for å ta imot dokumenta. Han seier denne informasjonen vil bli behandla slik dei har behandla alt anna dei har fått.

– Vi skal sjå på det, og så offentleggjere alt slik det er, seier Assange.

Elmer strekar under at han overleverer denne informasjonen til Wikileaks, og ikkje til Assange. Han seier også at han tar alt ansvar for det som skjer med informasjonen.

Det er usikkert når informasjonen vil bli offentleggjort. Assange seier det er avhengig av andre ting, og at Wikileaks for tida har fleire ting på gang.

Assange forklarer på pressekonferansen at banken Julius Baer, som Elmer var tilsett i, prøvde å bruke amerikansk rettsvesen til å tvinge Wikileaks til å ta ned sine nettsider.

– Skjult korrupsjon

Forsvararen Jack Blum seier dette ikkje handlar om å henge ut enkeltpersonar, men at dei vil gjenopprette eit positivt syn på bankar.

– Dette handlar om bankar, om banksikkerheit og korleis dette skadar samfunnet når deira jobb er å skule korrupsjon, at skatt blir unndrege og at pengar blir kvitvaska.

Søndag kveld sa Elmer til Reuters at han håpar dette vil rette søkjelyset mot økonomisk kriminaltiet som blir skjult på hemmelege kontoar i skatteparadis.

– Det viktigaste er å opplyse samfunnet om kva som skjer, og korleis dette fungerer, sa han.