NRK Meny
Normal

Fryktar norsk gjeldskaos

Renteauken kan få alvorlege konsekvensar, varslar styreformann i Bank 2, John Nordbrekken. Han trur mange unge vil oppleve å bli gjeldsoffer.

Foto: Arkivfoto / Scanpix

- Renteauken i går kan få alvorlege konsekvensar. Det gjeld spesielt for unge nyetablerte, seier Nordbrekken.

Dobla lån

Nordbrekken trur renteaukinga kan skape mange unge gjeldsoffer.

- Det har vore for lett å få lån, og ein har ikkje innsett konsekvensane i tide, seier han.

Medan den private marknaden i 2001 lånte rundt 874 milliardar kroner, er denne summen dobla til nesten 1.700 milliardar kroner på sju år.

- Ein har fått lån bere ved å ta en telefon. Det har vore så utruleg lett å få seg lån utan at folk har forstått kva ansvar dei har teke på seg, seier Nordbrekken.

- Trakkar på gasspedalen

Nestleiar i Finanskomitéen, Jan Tore Sanner (H), meiner regjeringa må ta på seg mesteparten av skulda.

- Renteaukinga rammar familiar, næringslivet og kommunane. Regjeringa gjev gass i ein høgkonjunktur og gjer ingen ting for å stoppe utviklinga, seier Sanner.

Utrekningar frå Kredittilsynet viser at 280.000 nordmenn må betale meir enn kvar tredje krone av inntekta si i renter dersom bustadrenta går over 7,5 prosent

Ynskjer angrefrist

Bankane får kritikk for at dei har vore uforsiktige med låne ut pengar.

Forbrukarrådet ynskjer no å innføre angrefrist på bustadkjøp for å unngå at unge kjøparar hamnar i gjeldskrise.

60 prosent av lånetakarane meiner dei kan tåle ei auke på to prosent til. 20 prosent seier dei ikkje vil takle dette.