Hopp til innhold

Fortsatt Oslo-mekling

Meklinga mellom Oslo kommune og dei kommune-tilsette er fortsatt ikkje ferdig.

Oslo kommune er definert som eit eige tariffområde. Forhandlingane held difor fram sjølv om oppgjeret mellom KS og kommunetilsette elles i landet er ferdig.

Partane har sete saman i heile natt.

Meklingsmann Geir Engebretsen sa til NRK ved 07.30-tida at han fortsatt ikkje har lagt fram ei skisse til løysing. Fristen gjekk eigentleg ut ved midnatt torsdag.

Engebretsen seier det framleis gjenstår vanskelege spørsmål.

Det er arbeidstakarar som er organiserte i Unio, YS, Akademikerne og LO som forhandlar med kommunen.

Her ser du kven Unio og YS-K vil ta ut i streik ved eventuell konflikt.

Unios streikeuttak i Oslo (ekstern lenke)

YS sitt streikeuttak i Oslo (ekstern lenke)