Forsikrar seg mot helsekø

42 000 nordmenn har no privat helseforsikring og slepp å stå i helsekø dersom dei treng spesialistbehandling.

Sykehus

Fleire har privat helseforsikring som gjer at dei får raskare behandling.

Foto: Illustrasjonsbilde

 Ifølgje Finansnæringa vil det bli stadig fleire som får slike forsikringar betalt av arbeidsgjevaren sin, fordi bedriftene ikkje ønskjer langtidssjukmelde tilsette.

Samstundes aukar sjukehuskøa i det offentlege. Sosial- og helsedirektoratet fryktar at dette kan skape skilnader blant pasientar som treng behandling.

- Dette kan føre til at vi får eit a- og eit b-lag av pasientar, seier Bjørn Inge Larsen i Sosial- og Helsdirektoratet.

Dobla på to år

Talet på private helseforsikringar har dobla seg på to år.

På same tid har helsekø auka med elleve prosent. Køa vil truleg auke i åra som kjem, fordi fleire vert gamle og behandlinga vert dyrare.

- Auka no har utgangspunkt i eit lågt nivå, men om auken held frm, kan talet kan bli betydelig, seier informasjonssjef Stein Haakonsen i Finansnæringas Hovudorganisasjon.

Gjeld ikkje dei som treng det mest

Dei gruppene som har størst helsebehov, har ikkje helseforsikring, fortel Bjørn-Inge Larsen i Sosial- og Helsedirektoratet.

- Det er heller motsett, seier han.

Les også: Trine blir nekta helseforsikring