Hopp til innhold

EU-leiarar signerer pakt om å skjerpe seg

25 EU-leiarar signerte i dag ein ny finanspakt som skal bidra til at landa skjerpar budsjettdisiplinen.

Statsminister i Spania, President i Frankrike og statsminister i Spania under EU toppmøte i Brussel

SIGNERTE FINANSPAKT: Spania, Frankrike og Italia signerte finanspakt i brussel i dag

Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

Storbritannia og Tsjekkia har ikkje slutta seg til avtalen. Den irske regjeringa seier ja, men har også varsla å legge ut finanspakta til folkeavstemming.

Vil la eurobarnet leve

– Det er eit viktig steg på vegen mot å bringe euroen tilbake ifrå utrygt farvatn. Det er ein klar og skarp tekst, sa EU-presidenten Herman Van Rompuy før seremonien.

EU-president Herman Van Rompuy

EU-president Herman Van Rompuy vil la euroen leve

Foto: LAURENT DUBRULE / Reuters

– La oss gi dette barnet liv, sa presidenten då dei 25 regjeringssjefane signerte avtalen med store smil om munnen.

Straff for å ikkje skjerpe seg

Avtalen er meint å sikre at gjeldskrisa i eurosona ikkje gjentek seg. Den skal føre til økonomisk stabilitet og sørgje for balanserte budsjett.

Land som ikkje skjerpar seg, og ikkje klarer å halde budsjettdisiplinen, risikerer straffetiltak frå Brussel.

Dramatisk toppmøte

Det var Tyskland og Frankrike som i slutten av fjoråret tok initiativ til finanspakta, men på eit dramatisk toppmøte i desember sa britane nei til å delta.

Det er uvisst når irane vil halde den varsla folkeavstemminga. Finanspakta trer i kraft når tolv av dei 17 eurolanda har ratifisert den.

Åtvarar mot å juble for tidleg

Etter at den økonomiske krisa har dominert agendaen i snart to år, anar EU-leiarane lys i enden av tunnelen. Det er likevel for tidleg å slå seg på brystet, åtvarar kjent økonom.

Sony Kapoor, direktør ved tankesmia Re-Define og økonomisk rådgjevar for fleire EU-land, meiner EU-landa ikkje skal gratulere seg sjølve heilt enno.

– I Tyskland, der arbeidsløysa er låg og økonomien sterk, har ein berre eit abstrakt inntrykk av korleis krisa utspelar seg i landa i sør. Dei forstår ikkje panikken i landa som slit, fortel Kapoor til NTB.

Han understreker at landa i Nord-Europa ikkje er immune og viser til at Nederland ifølgje ferske prognosar vil få ein resesjon på 0.9 prosent i år. Same prognose viser at dei 17 eurolanda samla vil oppleve ein økonomisk nedgang på 0.3 prosent, i staden for ein vekst på 0.5 prosent.

At EU no prioriterer vekst og ikkje berre sparetiltak er bra, meiner Kapoor, det kjem berre for seint.

– Dei aggressive budsjettkutta har ført til mykje unødig liding og har skada EU sitt rykte, meiner økonomen.