Hopp til innhold

EU etterforskar Google-misbruk

EU-kommisjonen har starta etterforsking av om søkjemotoriganten Google misbrukar den dominerande posisjonen sin i marknaden.

Google

Google blir etterforska av Eu-kommisjonen.

Foto: Paul Sakuma / AP

- EU-kommisjonen har starta ei antitrust-etterforsking av påstandar om at Google har misbrukt den dominerande rolla si innan Internett-søking, heiter det i ei fråsegn frå den Brussel-baserte kommisjonen.

Dette skjer etter at fleire selskap har klaga på plasseringa dei har fått i Google-søk, både i den delen som er gratis og i den betalte tenesta. Google blir skulda for å senkje rangeringa av ubetalte søkjeresultat frå konkurrerande tenester med spesielt innhald, for eksempel prissamanlikningar.

Ein talsmann for Google seier at dei vil samarbeide fullt ut med EU-kommisjonen under etterforskinga.

Tidlegare i år starta styresmaktene i den amerikanske delstaten Texas etterforsking av Google etter liknande skuldingar. Ekspertar seier til BBC at Google er så stor og dominerande i marknaden at det nesten er uunngåeleg med slike skuldingar.

EU-kommisjonen har tidlegare hatt liknande saker mot gigantane Microsoft og Intel.

LES OGSÅ: – Kina sto bak Google-hacking

LES OGSÅ: Google-feil til domstolen i Haag

LES OGSÅ: Arnold: Russland er en gullgruve