NRK Meny
Normal

Ein tredel sa nei til Saab

Rundt ein tredel av dei som miste jobben i Saab tidlegare i år, takka nei til å få tilbake jobben.

Saab 95 på bilutstilling

Den nye Saab 95 har blitt godt motteken, og optimismen er tilbake hos Saab i Trollhättan.

Foto: STAN HONDA / AFP

250 av dei oppsagde har fått tilbod om å få igjen jobbane sine, men vel 80 av desse ville ikkje tilbake til den kriseramma bilprodusenten i Trollhättan.

LES OGSÅ: Opp og ned for svenske biler

LES OGSÅ: Hele Saab-regningen er betalt

- Det overraskar meg at så mange som 30 prosent takka nei, med tanke på den økonomiske krisa. Men samstundes er det positivt at folk har funne andre løysingar. Ein del har satsa på vidare utdanning, medan andre igjen har fått seg nye jobbar, seier Håkan Schött, leiar for Metallklubben på Saab i Trollhättan.

Saab-fabrikken i Trollhättan starta opp igjen produksjonen etter ferien i dag, og det er ny optimisme i selskapet etter at nederlandske Spyker.

LES OGSÅ: Saab trapper opp produksjonen

LES OGSÅ: Saab-produksjonen i gang igjen

Like før ferien auka Saab produksjonen frå 28 bilar i timen til 39, noko som gir rundt 60.000 bilar. Dette er det maksimale for kva bedrifta greier på eitt skift.

- Skal vi produsere endå meir må vi over på to skift, og då må vi tilsetje fleire folk. Men vi er ikkje der enno, seier Håkan Schött til Tidningarnas Telegrambyrå TT.

Det er i dag 3500 tilsette i Saab Automobile.

LES OGSÅ: GM: Saab-avtalen er undertegnet

LES OGSÅ: – Saab ble kjøpt for mafiapenger