Hopp til innhold

Dyrare å flyge til utlandet

Det blir dyrare å reise direkte til utlandet frå norske flyplassar. Samferdselsdepartementet gjer slutt på ei ordning som har gitt flyselskapa avgiftsrabatt når dei flyg utanlands.

Ryanair
Foto: MIGUEL RIOPA / AFP

- Det er fullt fly i dag med 189 passasjerar. Direkteruta til Stansted er poplulær, seier Ånen Torvestad i Haugesund Travel, som gjer jobben for Ryanair.

Slutt på rabatten

Ryanair har note godt av 90 prosent på startavgifta for direkteruter til utlandet frå flyplassen i Haugesund.

Herifrå flyg òg Widerøe direkte til København, men før nyttår blir det slutt på rabatten som utgjer mellom 30 og 50 kroner for kvar passasjer.

Rabatten forsvinn òg frå flyplassane i Kristiansund, Molde, Røros, Evenes og Lakselv. Desse flyplassane har ikkje rutefly, men mange charterfly til utlandet.

Laber interesse

Dei norske flyselskapa meiner det er urimeleg at rabatten berre blir gjeve på utanlandsflygingar.

Statssekretær Hege Solbakken, hevdar Samferdselsdepartementet kuttar ut rabatten berre grunna laber interesse.

- Det har vore ei ordning som Avinor og flyselskapa nasjonalt ikkje har sett ein stor grunn til å vidareføra, fordi det har vore så lita interesse for dei, seier Solbakken.

Men 90 prosentrabatten vert fjerna etter at saka er klaga inn for EFTAs overvakingsorgan ESA.