Hopp til innhold

Dramatisk nedgang på børsen

Aksjeeigarane på Oslo Børs har tapt 200 milliardar kroner denne veka. Børsen stuper etter at dei amerikanske sysselsetjingstala kom i ettermiddag.

Oslo Børs
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Denne veka har vore eit samanhengande mareritt for investorane på Oslo Børs. Dei har tapt 200 milliardar kroner sidan sist fredag.

Nedturen ser ikkje ut til å ha nokon ende, og dei ferske tala frå arbeidsmarknaden i USA gjer ikkje situasjonen betre.

Les: 84.000 mistet jobben i USA i august

- Dramatisk fall

Oslo blir hardt ramma på grunn av det kraftige fallet i oljeprisane.

- Det er ein dramatisk nedgang i formueverdiar vi no ser i aksjemarknadane, seier aksjestrateg Erlend Lødemel i DnB NOR Markets.

September har vore ein samanhengande nedtur for aksjeeigarane på Oslo Børs.

Året så langt har også vore svært dårleg. Verdien av aksjane på Oslo børs er redusert med over 500 milliardar kroner, eller over 20 prosent.

Verdien på Oslo Børs var med inngang til 2008 på 2156 milliardar kroner. I går var verdien på 1605 milliardar.

Aksjeverdiane i Oslo har ikkje vore lågare på to år.

Uka endte med en hovedindeks på 370,60, noe som er 2,80 prosentpoeng ned siste døgnet.

Oljeprisen påverkar

Berre dei som følgde det gamle rådet om å selje i mai, kan sjå lys på ein mørk børshimmel.

Dei positive nyheitene som trass alt finst på børshimmelen, klarar ikkje å halde stand mot pessimistane, som no fryktar for innteninga blant anna i eurosona - den viktigaste handelspartnaren for Noreg.

Også i Europa fell børsane, men Oslo går mest tilbake fordi oljeprisen har vore i fritt fall dei siste vekene.

Les: Nedgang på børsene i Europa

Så lenge oljeprisane er over 100 dollar fatet, håpar analytikarane at norske investorar bergar plasseringane.