NRK Meny
Normal

DnB NOR risikerer milliardtap

DnB NOR-kursen rasar etter krav om at banken må ettergje lån til latviske lånetakarar i trøbbel.

DnB NOR
Foto: Heiko Junge / Scanpix

Statsminister Valdis Dombrovskis i Latvia krev at nordiske bankar med utlån i landet skal ettergje minst ti prosent av låna til latviske statsborgarar.

Det kvalifiserer til krisepakka i landet for låntakarar i trøbbel, skriv E24 .

Stor i Latvia

DnB NOR-aksjen stuper 3,5 prosent etter at nyheita blei kjend. Dei største utlånarane i Latvia er dei nordiske bankane Swedbank, Svenska Enskilda Banken, Nordea og DnB NOR.

DnB NOR eig 51 prosent av dotterbanken DnB Nord som har 23 milliardar kroner i utlån i Latvia. Totale utlån i DnB Nord er 88 milliardar.

- Banken undervurderer

DnB NOR har sjølv sagt at dei reknar med tap på tre til fire milliardar kroner av det samla utlånet til DnB Nords på 88 milliardar i 2009.

Banken tek høgde for endå større tap i 2010. Analytikarane meiner likevel at banken undervurderer kor store tapa blir.

– Tapa til DnB Nors i 2009 og 2010 vil truleg overstige 10 milliardar, sa analysesjef Bengt Kirkøen i meklarhuset Fondsfinans til E24 i byrjinga av juni.

Les: Meir om DnB NOR