Hopp til innhold

DNB legg ned kvart femte bankkontor

Storbanken DNB skal leggja ned 36 av 180 bankfilialar i Noreg i løpet av dei to neste åra, bestemte styret i januar.

DNB
Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Kundane har endra seg dei siste åra. I 2012 kom ein digital eksplosjon der mobilbruken tredobla seg, seier Thomas Midteide i DNB til Dagens Næringsliv.

Trur halvparten forsvinn

DNB er ikkje åleine om å stengja filialar.

Nordea la ned 11 av om lag 100 kontor i fjor. Danske Bank la ned seks av 40 kontor, ifølgje DN.

Rådgjevingsselskapet Cicero Consulting trur halvparten av bankkontora forsvinn i løpet av dei neste åra.

– Me meiner at 600 bankkontor vil vera vekke innan 2020. Det er ikkje ein spådom, det er slik det kjem til å bli, seier administrerande direktør i Cicero, Iren Tranvåg.

Handelsbanken går mot straumen. Den har 49 kontor og er i ferd med å opna eit nytt kontor i Oslo og eitt i Trondheim, skriv avisa.