Hopp til innhold

Her ønskjer flest studentar å få jobb

Ernst & Young eller Rambøll er dei mest attraktive arbeidsplassane for økonomi- og ingeniørstudentar i Norden, viser ei fersk undersøking.

Ernst&Young og Rambøll kåret til beste arbeidsgiver

Ernst&Young og Rambøll er kåra til beste arbeidsgivar av nordiske økonomi- og ingeniørstudentar.

Foto: Colourbox, Ernst&Young, Rambøll / Montasje: NRK

Revisjonsselskapet Ernst & Young toppar lista over populære arbeidsgivarar for økonomistudentar i nordiske land.

For ingeniørstudentar er konsulentselskapet Rambøll den mest spennande arbeidsgivaren.

Begge held på førsteplassen som dei hadde i fjor, viser undersøkinga som Universum har gjort i dei nordiske landa Noreg, Sverige, Danmark og Finland.

Hentar rett frå skulebenken

Partnar i Ernst&Young, Bjørn Vihovde, er glad for å toppe lista også i år.

– Eg vil heller vere på topp enn på botn av denne lista. Vi utviklar våre eigne leiarar. Då er det vesentleg å vere attraktiv på skulane, seier han til NRK.no.

Han fortel at selskapet rekrutterte 400 nytilsette rett frå skulen i fjor.

– Det er dermed mange som kan fortsette vennskap med folk dei har gått på skule med, seier Vihovde.

Men viktigast trur han det er at dei som allereie jobbar i selskapet omtalar selskapet positivt.

– Det er viktig med inspirerande og flinke kollegaer, meiner Vihovde.

Utfordringar og utvikling

Administrerende direktør i Rambøll Norge, Ole-Petter Thunes

Utvikling, utfordringar og eit godt arbeidsmiljø er viktig for at vi skal nå opp i ei slik kåring, seier Administrerande direktør i Rambøll i Noreg, Ole-Petter Thunes.

Foto: Rambøll
En veg opp karrierestigen

Studentane ønskjer seg eit dynamisk og kreativt arbeidsmiljø, der dei kan utvikle seg.

Foto: Colourbox

Administrerande direktør i Rambøll i Noreg, Ole-Petter Thunes, meiner dei er populære fordi dei er ein sterk lokal partnar, og at dei samtidig har ei sterk internasjonal portefølje.

– Vi greier difor å gi våre medarbeidarar faglege utfordringar og varierte utviklingsmoglegheiter. Dette, saman med eit arbeidsmiljø våre tilsette trivst i, er det viktigaste grunnlaget for at vi kjem på topp i ei slik kåring, seier han.

Ifølgje Thunes har Rambøll styrkt posisjonen i Norden det siste året, og i Noreg rekruttert fleire enn 150 personar.

– Dette er avgjerande for at vi skal halde ved like og styrke våre ambisjonar som eit globalt rådgjevarselskap vidare, seier han.

Krativt og dynamisk

Dei norske og svenske økonomistudentane svarar i samme undersøking at dei priorieterer eit dynamisk og kreativt arbeismiljø i større grad enn studentane frå Danmark og Finland.

Finske studentar vil i større grad ha balanse mellom arbeid og fritid, medan danskane i større grad ser ut til å bry seg om karriæreutvikling.

For ingeniørstudentane er det viktigaste å ha ein arbeidsgivar som kan gi balanse mellom arbeid og fritid, medan det er noko ulikt kva dei prioriterer etter dette, melder SVT.se.

Fleksibel arbeidstid

Felles for alle er at dei ønskjer seg fleksibel arbeidstid. Men svenskane ønskjer seg i større grad respekt for dei tilsette, mellom anna gjennom overtidskompensasjon.

Ein sikker jobb er også viktigare for svenske og finske studentar enn for danske og norske, viser undersøkinga frå Universum.

Ein høg etisk standard for arbeidsgivaren har blitt noko mindre viktig no enn tidlegare, men er framleis viktigare for svenske studentar enn for dei andre i den nordiske undersøkinga.

Mest opp og ned

Blant økonomistudentane er det Bain&Company, Fortum, Stora Enso, TeliaSonera, Ålandsbanken og Outokumpu som har gått mest fram. Dei som har falle mest frå i fjor til i år, er SAS, Ericsson, If, ABB, Statoil og Manpower.

For ingeniørstudentane er det Sweco, Capgemini, SAS, Microsoft og Ericsson som har klatra mest på popularitetsstigen. Telenor, NCC, Vestas, IBM, Vattenfall og Shell har mista mest popularitet sidan i fjor.

Undersøkinga er gjort blant 12.400 økonomistudentar og 11.300 ingeniørstudentar. Resultatet er vekta for BNP i kvart land.

Arbeidsliv

Alle vil ha fleksibel arbeidstid, men ein sikker jobb er viktigare for svenske og finske studentar enn for danske og norske.

Foto: Colourbox