Hopp til innhold

Danske Bank kuttar 2000 stillingar

Danske Bank vil nedbemanna med 2000 stillingar for å spara milliardar i løpet av dei tre neste åra.

Danske Bank nettfilial

At stadig fleire brukar nettet til banktenester, er ei av årsakene til at Danske Bank må kutta i arbeidsstokken.

Foto: Printscreen

Det opplyser banken i kvartalsrekneskapet sitt, som blei lagt fram tysdag. Resultatet var på skuffande 1,5 milliardar danske kroner etter skatt.

Dei 2000 stillingane som skal vekk, svarar til nesten ti prosent av samtlege tilsette i konsernet.

Årsaka til den drastiske nedbemanninga er å spara rundt to milliardar danske kroner i perioden 2012-2014.

Meir sjølvbetening

– Resultata er under press på grunn av finanskrisa, nye reguleringar og høge finansieringskostnader. For å betra inntektene fokuserer me på utgiftene våre, heiter det i kunngjeringa.

At kundane i aukande grad tek i bruk dei nye teknologiske mogelegheitene til sjølvbetening, medfører behov for ei omstilling i Danske Bank, ifølgje politiken.dk.

Banken lanserer no eit omstillingsprogram som skal redusera driftskostnadene med 10 prosent frå 2012 til 2014.

Banken meiner likevel at dei vil kunne gjennomføra nedbemanninga utan oppseiingar. Det er oppnåeleg dersom den normale personalomsetninga og pensjonsmønsteret held seg på dagens nivå, ifølgje banken.