Hopp til innhold

Bustadprisar i fall

Bustadprisane har falle med 10,4 prosent sidan pristoppen i fjor sommar.

Boligkjøp
Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

I fjerde kvartal i fjor vart bustadar gjennomsnittleg 6,2 prosent billigare enn i tredje kvartal. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Dette kan vere med å snu bustadsalet opp, etter månadar med nedgang.

Etter at Noregs Bank kutta renta med heile 1, 75 prosentpoeng like før jul, er det no fleire som går på visningar.

Les: Flere på visning

Billigare å kjøpe bustad

Småhus mest ned

Frå tredje til fjerde kvartal i fjor var det prisane på småhus som gjekk ned mest. Desse hadde ein prisnedgang på 7,2 prosent frå tredje til fjerde kvartal, medan prisane på blokkleilegheiter og einebustader gjekk ned med 6,6 og 5,7 prosent.

Prisane på burettslagsleilegheiter og sjølveigarbustader gjekk ned med 6,9 og 6,1 prosent i gjennomsnitt frå tredje til fjerde kvartal.

Pristoppen for bustader vart nådd ved andre kvartal i 2008. Sidan då har prisane falle med 10,4 prosent.

7,5 prosent ned på eitt år

Frå fjerdekvartal 2007 til fjerde kvartal 2008 har prisane gått ned med 7,5 prosent.

Størst var prisfallet for bustader i Akershus utanom Bærum. Der gjekk prisane ned med 8,9 prosent frå tredje til fjerde kvartal i 2008.

I morgon klokka 10 legg Boligprodusentenes Forening fram sin bustadstatistikk for fjerde kvartal og Bustadbarometeret med oppdaterte målingar frå veke 2 og 3 i 2009.