Hopp til innhold

Børsane stuper av Hellas-nytt

Investorar ser med urolege auge på at Hellas endå ein gong har fått nedgradert kredittverdigheita si. Kursane på mange børsar stupte i dag på grunn av uroa.

Tokyo børs

Det var ein svart dag på børsane i Asia i dag. Her er Tokyo-børsen.

Foto: YURIKO NAKAO / Reuters

Hellas sin kredittverdigheit vart nedgradert torsdag frå B- til CCC av kredittvurderingbyrået Fitch.

Også 16 spanske bankar vart nedgradert av kredittvurderingbyrået Moody's, noko som førte til stigande frykt for at den økonomiske krisa i Spania blir verre.

Men bankane gjorde eit «comeback» i dag. Bankia, Santander og BBVA fekk ein oppsving etter at marknadene opna.

Det gjekk ikkje like bra i Asia.

Tokyo-børsen sin Kikkei 225-indeks falt med 3,25 prosent og enda på 8.611,31 poeng, medan Topix-indeksen gjekk ned 2,89 prosent til 725,54 poeng i dag.

Også andre asiatiske børsar falt. Kospi-indeksen i Seoul gjekk ned heile 3,40 prosent til 1.782, 46 poeng.

Børsen i Sydney falt med 2,67 poeng til 4.046,5 poeng, det største fallet på åtte månader.

Hang Seng-indeksen i Hongkong falt med 2,90 prosent, medan børsen i Shanghai «berre» gjekk ned 1,9 prosent.

Oslo ned

Hovudindeksen på Oslo Børs falt rett etter opning med 2,04 prosent, til 392,75 poeng i dag.

Dei store marknadene i Europa falt mindre enn Oslo Børs.

FTSE-indeksen i London opna med ein nedgang på 0,92 prosent.

DAX-indeksen i Frankfurt falt 0,86 prosent og CAC-indeksen i Paris gjekk ned 1,03 prosent.

Oljeprisen både falt og steig i dag. Eit fat nordsjøolje kosta 106,79 dollar, ein oppgang på 0,01 prosent, og amerikansk lettolje blei omsett for 92,73 dollar fatet, ned 0,43 prosent.

Vil ha kriseavtale

Dei som fryktar at Hellas skal forlate eurosona kan puste litt lettare etter at ei ny meiningsmåling syner at grekarane støttar partia som er for den økonomiske innstramminga.

Partia «Nytt demokrati» og PASOK hadde fått fleirtal i nasjonalforsamlinga om det hadde vore val no.

Desse partia er dei einaste som støttar avtalane med EU og IMF som sikrar Hellas økonomisk krisehjelp.

Heile verda følgjer no spent med på kva Hellas vil gjere for å kome seg ut av det økonomiske uføret.

– Me venta for lenge med å hjelpe Hellas. Dette har pågått i to år no og det blir berre verre, seier den nye statsministeren i Frankrike, Jean-Marc Ayrault.