Hopp til innhold

Blodraude tal for Norwegian

Starten på 2008 var den verste i Norwegian si historie. Resultatet før skatt enda på minus 293 millionar kroner.

Fly fra Norwegian
Foto: NORWEGIAN HO / SCANPIX

Vintermånadane har alltid vore tøffe for flyselskapet, men starten på 2008 er den verste i selskapet si historie.

Stor tap

Resultatet før skatt enda på minus 293 millionar kroner. Driftsresultatet enda på minus 226 millionar kroner, mot minus 9 millionar kroner året før.

Inntektene per passasjerkilometer (yielden) enda på 58 øre, medan kostnadane steig til 60 øre. Det gjev eit underskot på 2 øre per passasjerkilometer.

Tidleg påske

Norwegian varsla allereie i januar at fyrste kvartal ville bli tøft. Tidleg påske førte til svært låge inntekter i mars.

I tillegg har lanseringa av 16 nye ruter frå Rygge flyplass, og integreringa av svenske Fly Nordic, sett sine spor i rekneskapet.

Skyhøge drivstoffprisar

Norwegian brukte 75 millionar kroner meir på drivstoff i fyrste kvartal samanlikna med same kvartal i fjor.

Norwegian er vesentleg meir utsett enn SAS, ettersom Norwegian ikkje ha nokon sikring mot høge drivstoffprisar.