Hopp til innhold

Bilar får ikkje vere miljøvennlege

Det blir forbode å marknadsføre bilar som miljøvennlege her i landet. Forbrukarombodet vil ha slutt på at bilprodusentane bruker miljø som lokkemiddel.

Toyota Prius
Foto: NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

"Verdens mest miljøvennlige bil", "miljøvinneren", "miljøvennlige motorer".

Slike slagord kan ein sjå når bilprodusentane reklamerer for produkta sine. Men dette skal det no bli slutt på.

Forbrukarombodet meiner at slik reklame er i strid med marknadsføringslova.

I dag samla seksjonssjef Bente Øverli representantar for bilbransjen, miljøorganisasjonane og Vegdirektoratet for å komme fram til korleis ein skal reklamere for dei miljøeigenskapane ein bil har. 

Bente Øverli

Seksjonssjef Bente Øverli hos Forbrukarombodet

Foto: NRK

Se video: Nei til "grøne" bilar

Dagsrevyen 23.6: Bilkjøp og miljø

Produktinformasjon

- Eg er svært godt nøgd med møtet. Bransjen er samd med oss i at det ikkje lenger skal brukast ord som "miljøvennleg" og "grøn" i marknadsføringa, seier Øverli.

- Vi meiner det er altfor kontroversielt å bruke slike uttryk. Vi er opptekne av at forbrukaren skal få korrekt informasjon, men då skal det vere tydeleg produktinformasjon. Miljøargumentasjon skal ikkje brukast som ein lokkeeffekt, slik det har vore gjort til no, seier Øverli. 

- Men finst det ikkje bilar som verkeleg er miljøvennlege?

Finn Tandberg

Direktør Finn Tandberg i Bilimportørenes Landsforening

Foto: NRK

- Vi veit at ein del bilar er betre enn andre når det gjelder miljøbelastninga, men det er vel ingen som med handa på hjartet kan seie at ein bil er miljøvennleg, at bilen gjer noko positivt for miljøet. Det er viktig at ein kommuniserer presist og korrekt, og gjev forbrukaren den informasjonen forbrukaren har krav på.

Glad for opprydding

Bransjen er glad for at det blir rydda opp i reklamepraksisen.

- Medlemmene våre har hatt behov for ei avklaring om kva dei kan seie og ikkje seie når dei reklamerer for ein bil, seier Finn Tandberg.

Han er direktør i Bilimporterenes Landsforening, og meiner reglane har vore for uklare til no.

- Trur du bransjen vil respektere dette?

- Ja, det er eg sikker på. Ingen ønskjer å bryte marknadsføringslova. No får vi heller seie at ein bil er mindre miljøskadeleg enn ein annan, seier Tandberg.

No sender Forbrukarombodet ut eit brev til alle bilforhandlarar med tydeleg informasjon om dei nye reglane.

Dei som bryt reglane vil handle i strid av marknadsføringslova, og då vil ombodet kunne reagere overfor desse.