Hopp til innhold

Ber om tilbakebetaling av bonusar

AIG-sjefen Edward Liddy ber sjefane som har fått utbetalt bonusar i det kriseramma selskapet, om å betale tilbake halvparten.

Edward Liddy er toppsjef i den kriseramma forsikringsgiganten AIG.

Edward Liddy i Kongressen i Washington i dag.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP

Den vaklande amerikanske forsikringsgiganten American International Group AIG har fått 180 milliardar dollar, over 1200 milliardar kroner, i offentleg støtte.

Det har kome sterke reaksjonar på at selskapet likevel har betalt ut store summar i bonusar til sjefar.

LES OGSÅ:

AIG må betale tilbake

Obama rasende på AIG-bonuser

Krev tilbakebetaling

Tidlegare i dag vart det klart at administrasjonen til president Barack Obama no krev at AIG betalar tilbake ein sum som tilsvarar bonusutbetalingane. Eit forslag om dette fekk i kveld eit klart fleirtal i Kongressen.

I kveld norsk tid sa Edward Liddy i Kongressen i Washington at han har bede alle som har motteke bonusar i selskapet om å betale halvparten tilbake.

Barack Obama saman med finansminister Timothy Geithner og rådgjevar Christina Romer.

Barack Obama saman med finansminister Timothy Geithner og rådgjevar Christina Romer.

Foto: Ron Edmonds / AP

Bonusutbetalingane har ført til kraftige reaksjonar både frå president Barack Obama, kongressrepresentar og ikkje minst vanlege folk.

- Vi har høyrt det amerikanske folket klart og tydeleg dei siste dagane. I dag tidleg bad eg alle tilsette i AIG Financial Products som har fått bonusar på meir enn 100.000 dollar, om å gjere det rette og betale tilbake minst halvparten av pengane, sa Liddy i ei høyring om AIG i Representanthuset i Kongressen i kveld.

- Usmakelege bonusar

Liddy sa at nokre alt hadde teke kontakt og tilbode seg å betale tilbake heile bonusen, men han gav ingen detaljar om kor store summar det er snakk om.

Han understreka osgå at bonusutbetalingane som har skjedd, var eit resultat at kontraktar som var inngådde før han overtok som toppsjef.

Liddy sa seg samd i at bonusane er usmakelege. Likevel sa han at AIG må ta omsyn til at selskapet ikkje berre konkurrerer om kundar, men også om dyktige tilsette.

Meininga med bonusane skal ha vore å hindre at tilsette i dotterselskap, som har fått mykje av skulda for problema til AIG, skulle forlate konsernet.

Toppsjefane i selskapet har fått utbetalt til saman 165 millionar dollar, vel 1,3 milliardar kroner, i bonusar. Dette har skjedd etter at AIG vart redda av offentlege pengar.

Finansminister Timothy Geithner sa tidlegare i dag at styresmaktene vil trekkje frå 165 milliardar dollar frå dei 30 milliardar dollar som AIG er lova i pengestøtte.

Edward Liddy snakkar med demonstrantar.

AIG-topp Edward Liddy tok seg tid til å snakke med demonstrantar frå gruppa 'Code Pink'.

Foto: Kevin Lamarque / REUTERS