NRK Meny
Normal

Banktopp går av

Direktør Andreas Artemis i Bank of Cyprusgår av som følgje av striden om redningsplanen for dei kypriotiske bankane.

Kypriotiske studenter demonstrerer mot bank-redning

Kypriotiske studentar demonstrerer tysdag mot redningsavtalen utanfor parlamentet i Nicosia.

Foto: YORGOS KARAHALIS / Reuters

– Han leverte oppseiingsbrevet sitt i dag morgon, og styret møtest i ettermiddag for å drøfte saka, seier ei kjelde i den kypriotiske sentralbanken til nyheitsbyrået Reuters tysdag.

Bankane skulle etter planen ha opna att tysdag etter å ha vore stengde i 11 dagar. Sentralbanken på Kypros har no utsett opninga av filialane til torsdag denne veka.

Risikerer tap på 40 prosent

Finansministeren på Kypros Michalis Sarris

Finansministeren på Kypros Michalis Sarris.

Foto: GEORGES GOBET / Afp

Kypros innfører ei ny avgift på bankinnskot som ledd i ein redningspakke for bankane på øya. Den kontroversielle avgjerda har ført til sinne og raseri blant mange bankkundar.

Personar som har store bankkontoar på Kypros, risikerer å miste opptil 40 prosent av innskota, seier finansministeren på Kypros, Michalis Sarris tysdag.

Nøyaktig kor stor avgifta blir, er framleis uvisst, men Sarris seier at ho kan bli på opptil 40 prosent for dei største innskota.

– Eg kan ikkje slå noko fast, men eg har sett forslag på den storleiken, seier finansministeren.

Den lokale nettavisa Stockwatch skriv at Artemis har trekt seg på grunn eit krav som er lagt til grunn for kriselånet på ti milliardar euro frå EU og Det internasjonale pengeforbundet (IMF).

Kravet går ut på at Bank of Cyprus overtek gjelda til den andre storbanken på øya - Laiki.