NRK Meny
Normal

Auke i SAS-trafikken i juli

SAS kan vise til ein auke i passasjertalet med 6,6 prosent i juli, etter ein auke på 7,1 prosent i juni.

SAS-fly
Foto: Illustrasjonsfoto: Alf Ove Hansen / Scanpix

Kabinfaktoren, som indikerer kor stor del av setekapasiteten som blir utnytta, er også positiv for selskapet.

Flya var 80,5 prosent fulle i juli, og det er ein auke på 2,9 prosentpoeng.

Totalt frakta SAS-gruppen 3,2 millionar passasjerar i løpet av juli.

For SAS Braathens sin del var det vekst i nye ruter og ei positiv utvikling i innanlandstrafikken.