Hopp til innhold

– Den økonomiske oppturen i fare

Den globale økonomien kan vere i fare om ikkje dei store økonomiane i verda held fram samarbeidet, åtvarar Det internasjonale pengefondet (IMF).

Utanfor finansdistriktet i Shanghai

Fotgjengarar passerer utanfor finansdistriktet i Shanghai der den økonomiske oppturen i verda blir diskutert.

Foto: PHILIPPE LOPEZ / Afp

Dominic Strauss-Kahn

IMF-sjef Dominic Strauss-Kahn åtvarar mot å gå eigne vegar.

Foto: Dominic Lipinski / AP

– Vi må halde ved like samarbeidsviljen. Om ikkje det skjer, vil oppgangen vere i fare, seier IMF-sjef Dominic Strauss-Kahn i ein tale etter møtet mellom IMF og sentrale bankmenn frå heile verda i dag, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Han meiner det no er fare for at det internasjonale samarbeidet som gjorde det mogleg å temje finanskrisa, vil bli avløyst av ei usemje mellom land som i større grad prøver å klare seg på eiga hand.

– Dette vil helit klart gjere situasjonen vanskelegare for alle, seier Strauss-Kahn.

Møtet følgjer etter at IMF og Verdsbanken møttest tidlegare denne månaden, der økonomar diskuterte korleis dei kunne styrke veksten i økonomien etter den verste finanskrisa etter andre verdskrig.

Strauss-Kahn leidde møtet saman med sentralbanksjefen i den kinesiske folkebanken, Zhou Xianochuan, bak stengde dører.