Hopp til innhold

Amerikansk redningspakke utsett

Tautrekkinga om den gigantiske redningspakken på meir enn 4000 milliarder norske kroner held fram for fullt i den amerikanske kongressen.

Wall street
Foto: David Karp / AP

No ser det ut som den politiske kranglinga fører til ei utsetjing av prosjektet til neste veke.

Video nsps_upload_2008_9_23_7_44_2_212.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Kongress-medlem Christopher Dodd vil ikkje sløsa ut pengar utan at finansnæringa tek ansvar.

- Finansinstituisjonane må betala

Sjølv om finansverda skrik etter tiltaka som skal setjast inn, let dei demokratiske folkevalde seg ikkje skremma.

- Eg trur me gjer ein kjempefeil dersom me berre skriv ut ein sjekk på 700 milliardar dollar og gir den ifrå oss utan å kreva ansvar, seier Kongressmedlem Christopher Dodd.

LES: Krisepakke reddar bankar i USA

Demokratane krev at finansinstitusjonane må betala ein større del av redningspakka og at skattebetalarane sine pengar ikkje må gå til feite bonusar til leiarane i havarerte selskap.

Kraftig fall i aksjekursane

Uvissa rundt redningspakken har ført til eit kraftig fall i aksjekursane på børsane i USA og dollarkursen er òg på veg nedover.

Investorane satsar no m.a på olje og det har ført til ein kraftig auke i oljeprisen, som no ligg på nesten 121 dollar fatet.

Ein reknar med at dei europeiske aksjane også vil falla i løpet av dagen grunna skepsisen rundt den amerikanske redningspakken.