Aker avviser uryddig prosess

Aker avviser at transaksjonane mellom Aker og Aker Solutions har vore uryddige.

Sylvia Brustad
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

- Den som er uryddig, er statråden sjølv, seier kommunikasjonsdirektør Geir Arne Drangeid i Aker og siktar med det til nærings- og handelsminister Sylvia Brustad.

I ettermiddag kritiserte ho transaksjonsavtalen mellom Aker og Aker Solution og hevda den ikkje lenger er bindande.

- Saka har vore handsama uryddig, sa ho.

Video nsps_upload_2009_4_8_19_27_25_2821.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå video: Brustad stansar Aker-transaksjonane.

Les også: Brustad stopper aksjehandelen

Men Aker hevdar på si side at dei allereie tysdag 24. mars oversende ei detaljerte utgreiing til staten sin representant i Aker Holding sitt styre, Berit Kjøll.

- Her informerte vi om heile prosessen kring transaksjonen og konkluderte med at det ikkje var naudsynt med genralforsamling i Aker Solutions, seier Drangeid.

Video nsps_upload_2009_4_8_19_31_35_2822.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå video: Då staten vart Aker-eigar.