For 1680 kroner døgnet er det no mogleg å bli nabo til mangemillionærane om bord i "The World". Pakketuristane skal inn og fylle dei mange tomme lugarane, som har ein verdi på mellom 16 og 54 millionar kroner, skriv Aftenposten.
Luksusskipet "The World" opnar for charterturistar.
Luksusskipet "The World" vart bygd for at menneske med mykje pengar kunne ha sine eigne husvære om bord. No slit eigarselskapet ResidenSea med økonomiske problem, og rundt 30 luksusbustader er ikkje selde.
No håpar selskapet at det vil hjelpe på økonomien å få charterturistar til å fylle skipet. For 1680 kroner i døgnet kan ein bu skikkeleg luksuriøst, og mat og drikke er inkludert. Fleire høgt profilerte norske mangemillionærar har kjøpt sine eigne krypinn på skipet.
Aftenposten skriv også at det alt går rykte om at fleire av dei som har investert i bustad om bord no ynskjer å selje seg ut.