Hopp til innhold

NHO: – Vi må godta større lønsforskjellar

Det siste tiåret har lønsforskjellane auka her i landet. Dersom bedrifter skal klare å skape overskotet vi deler ut til velferdsgode, må denne forskjellen auke endå meir, meiner NHO og Spekter.

Anne-Kari Bratten

Viseadministrerande direktør i Spekter, Anne Kari Bratten, meiner vi berre må akseptere at arbeidsmarknaden er slik.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at lønnsforskjellane har auka i løpet av det siste tiåret. Dei høgast lønna i privat sektor har fått ei lønnsauke på nesten 30 500 kroner, som svarar til 67 prosent på ti år.

Til samanlikning har dei ti prosent høgast lønna i offentleg sektor ei vekst på knapt 20 000 kroner, drygt 56 prosent.

– Vi må akseptere at det er slik

Høgtlønna i energibransjen, olje og gass er vinnarane, medan lavtlønna sal-, service og omsorgsyrke fekk ein nedgang i løn samanlikna med gjennomsnittet.

Dette må vi tåle, meiner direktør i Spekter, Anne Kari Bratten.

– Dersom det er naudsynt å gje løn til nokre grupper fordi marknaden er pressa, må vi berre akseptere at arbeidsmarknaden er slik, seier Bratten.

Ho får støtte frå NHO-direktør for arbeidsliv, Svein Oppegaard. Han seier ein berre må innsjå at moderate lønstillegg fell til dei fleste, medan dei mest etterspurte i arbeidsmarknaden får meir.

LES: NHO mener renholdsbransjens minstelønn er for høy

LES: – Nordmenn jobber seg ikke i hjel

– Vi må ta omsyn til at vi er nøydde å halde på nøkkelpersonar i næringslivet, og då må vi betale dei. Slik fungerer arbeidsmarknaden, seier Oppegaard.

Kan ikkje tillate høg lønsvekst til alle

Svein Oppegaard, direktør for arbeidslivspolitikk i NHO

Direktør for arbeidslivspolitikk i NHO, Svein Oppegaard.

Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen

Arbeidsgivarar, arbeidstakarar og politikarar har bede om at lønsoppgjeret som starta denne veka, blir moderat.

Ein må berre tillate høg lønsvekst enkelte stader, meiner Oppegaard.

LES: NHO: – Ikke forvent høyere lønn

– Vi veit at det er grupper som heile tida meiner dei er verdt meir enn andre, og fortener ei sterkare lønsutvikling, men for Norge er det viktig at alle viser moderasjon, seier Oppegaard.

– Det fungerer berre slik

– Arbeidsmarknaden fungerer slik, det er etterspørsel etter visse typar arbeidskraft, men då må vi prøve å isolere det slik at det ikkje blir ein generell kostnadsutvikling som norsk næringsliv ikkje tåler, held han fram.

LES: Taper anbud på å betale tarifflønn

LES: Ungdom sliter med å finne jobb

Det vil seie at ikkje alle kan få minst det som blir avtalt i konkurranseutsett sektor, seier Spekter-direktør Anne Kari Bratten.

– Det kan ikkje vere slik i Norge at alle trur dei skal vere over gjennomsnittet. Det er slik som med norske bilsjåførar, alle trur dei køyrer betre enn gjennomsnittet, og slik er det i lønsoppgjeret også, seier Bratten.

– Når ramma kjem så tenker alle at ein skal kome over dette, men det fungerer sånn at nokre er over og nokre er under, og det verkar som denne innsikta forsvinn idet ramma blir presentert etter lønsforhandlingane, held Bratten fram.