NRK Meny
Normal

– Matprisen er på farleg høgt nivå

Matvarer er farleg dyre, meiner Verdsbanken. Berre sidan juni er det blitt 44 millionar fleire menneske som lev under fattigdomsgrensa.

Matvareprisane i India aukar meir enn nokon annan stad i Asia

Denne kvinna strekk ut ei hand for å å få mat i Jammu, India. Matvareprisane i India aukar meir enn nokon annan stad i Asia.

Foto: MUKESH GUPTA / Reuters

Lastar løk i India

Indiske bønder lastar løk i Lasalgaon. Løk er ein viktig ingrediens for mange indarar. 40 prosent av dei 1,2 milliardar innbyggjarane må klare seg med mindre enn ti kroner dagen.

Foto: DANISH SIDDIQUI / Reuters
Fiskemarknad i Libanon

Fisken blir dyrare og dyrare også i Libanon, og det blir ikkje billegare av at landet er oppe i ei politisk krise.

Foto: ALI HASHISHO / Reuters
I USA har kjøttprisane auka med over 6 prosent

Kjøttprisane i USA har gått opp med 6,1 prosent, noko som viser seg på prisane på McDonalds.

Foto: EMMANUEL DUNAND / Afp
Prisen på kjøtt i Manila har auka med 3,1 prosent

Prisen på kjøtt har gått opp 3,1 prosent i Filippinene. Det er bra for slaktaren i Manila, men ikkje for dei som skal handle.

Foto: ROMEO RANOCO / Reuters

Mellom oktober og januar auka matvareprisane i verda med 15 prosent, ifølgje den siste utgåva av Food Price Watch.

Det går verst ut over dei fattigaste, som brukar meir enn halvparten av inntektene sine på mat.

– Dei globale matvareprisane aukar til eit farleg høgt nivå, og trugar fleire titals millionar fattige over heile kloden, seier presidenten i Verdsbanken, Robert Zoellick, ifølgje BBC.

Denne veka kalte G20-landa inn til eit møte for å diskutere korleis ein skal takle problemet.

Verre i Midtausten

Zoellick seier også at dei aukande matvareprisane har gjort tilhøva verre for dei urolege områda i Midtausten , sjølv om det ikkje nødvendigvis var matvareprisen som var årsak til omveltingane der.

Også i 2008 førte høge matvareprisar til demonstrasjonar i fleire land. Den gongen meinte Verdsbanken at 125 millionar menneske levde i ekstrem fattigdom.

Les: Høye matvarepriser bekymrer

Like dyrt som i 2008

I dag er ikkje prisane riktig så høge, dei er framleis om lag 3 prosent unna toppnivået frå 2008. Men mat har blitt 27 prosent dyrare berre det siste året, ifølgje Verdsbanken.

Ein liknande rapport frå FN tidlegare i år hevda derimot at prisane no er høgare enn i 2008.

Finansministrar og sentrale bankmenn frå G20-landa møtest denne veka i Paris.

Ein milliard sveltande

Talet på menneske som ikkje fekk nok mat, gjekk ned på 1980-talet. Den trenden snudde det følgjande tiåret, og ved årsskiftet 2008/2009 var det meir enn ein milliard menneske på jorda som svalt.

Hovudskulda for at det skjedde, vart lagt på den globale finanskrisa. Færre var interesserte i å investere i matproduksjon, og bistanden til matvaresektoren vart kutta, ifølgje FN.

I 2008 vart FN-toppane samde om at talet på sveltande i verda skulle halverast innan 2015 . Også i 1996 var det sett som eit mål. Den gongen var talet på sveltande 800 millionar menneske.

Agurkfarm i New Dehli

Arbeidarane ved agurkplantasjen i New Dehli står på, sjølv om statsministeren i India, Manmohan Singh, fryktar at dei høge matvareprisane skal øydeleggje for den økonomiske veksten i landet.

Foto: PARIVARTAN SHARMA / Reuters