Hopp til innhold

– Fusjon mellom Lloyds og HBOS

Den britiske banken Lloyds TSB kjøper konkurrenten HBOS, opplyser kjelder til Sky News og BBC. Bankane blir ein gigant i den britiske marknaden.

HBOS har vore i store økonomiske problem som følgje av finanskrisa, og ifølgje britiske media blir samanslåinga offentleggjort i morgon.

Desperat jakt

HBOS er den største tilbydaren av bustadlån i Storbritannia, og dei to bankane blir ein gigant i den britiske marknaden.

Lloyds har i dag forhandla om å kjøpe den vaklande rivalen. HBOS har vore på desperat jakt etter ein oppkjøpar.

Slit kraftig

Kursen på aksjar i HBOS stupte på London-børsen tidleg på dagen, for så å stige igjen etter meldinga om at Lloyds TSB hadde innleidd samtalar om eit oppkjøp.

Ei rekkje store bankar slit kraftig på dei europeiske børsane. I dag gjekk verdien av Royal Bank of Scotland ned med 10,4 prosent og UBS med 5,7 prosent.