Hopp til innhold

542 millionar til Trollhättan

Den svenske regjeringa gir ein redningspakke til den kriseramma byen der nedleggingsvarsla Saab er viktigaste arbeidsgjevaren.

Saab
Foto: John Gress / Scanpix/Reuters

LES OGSÅ: Spyker-aksjer stiger på nytt SAAB-bud

LES OGSÅ: Fagforbund trygler GM om å redde Saab

LES OGSÅ: Spyker vil framleis kjøpe Saab

LES OGSÅ: Saab-salget i Norge har stupt

LES OGSÅ: Dette blir den siste SAAB-en i salg

LES OGSÅ: General Motors legger ned Saab

- Regjeringa gir ei ekstra løyving på 542 millionar kroner til støtte for jobb og omsetilling retta mot Trollhättan og Västra Götalandsregionen, heiter det i ei pressemelding.

Satsinga handlar om inovasjon, utdanning og arbeidsmarknadstiltak, går det fram av pressemeldinga.

Arbeidsmarknadsminister Sven Otto Littorin forsikrar om at departementet har arbeidd med denne saka i lang tid. - Vi har full beredskap og vi er klare, seier han.

Sist fredag varsla eigaren General Motors (GM) at dei vil leggje ned produksjonen av Saab. Etter dette har fleire grupperingar bede om å få overta den kriseramma bilprodusenten, men det er usikkert om noko av dette vil føre fram.

Fleire analytikarar og ekspertar trur rett og slett at GM ikkje er interessert i at nokon skal overta Saab. Dei vil berre leggje ned.

Næringsminister Maud Olofsson sa på ein pressekonferanse i Stockholm i dag at at regjeringa framleis har eit lite håp om at Saab kan bergast, men at situasjonen er svært alvorleg.

Den svenske næringsministeren Maud Olofsson sammen med arbeidsmarkedsminister Sven-Otto Littorin

Næringsminister Maud Olofsson og Sven-Otto Littorin.

Foto: Adam Ihse / Scanpix