I alt vart 441 840 leverandørskifte registrert i fjor. Berre i fjerde kvartal skifta 104 992 hushaldskundar leverandør, ifylgje oversikta.
Om lag 24 prosent av kundane (545 338 hushald og hytter/fritidsbustader) har no ein annan leverandør enn den dominerande i nettområdet. Gjennomsnittsprisen for fjerde kvartal var 53,10 øre/kWh. Dette er om lag ei auke på 9,2 øre i frå tredje til fjerde kvartal 2003.
For næringskundar er det totale talet skifter 40.731 i 2003 mot 30.942 i 2002, altså ei auke på 32 prosent. Talet på næringskundar som har ein annan kraftleverandør enn den dominerande i nettområdet er no 78.584. Det vil seie at om lag 30 prosent av næringskundane som kjøper kraft, gjer det frå ein annan kraftleverandør enn den som dominerer i nettområdet.
- Det store talet på kundar som skiftar syner at marknaden fungerer, seier vassdrags- og energidirektør Agnar Aas.