Hopp til innhold

3000 ut i streik

Unio godtek ikkje tilbodet frå KS og tek ut lærarar og helsepersonell i streik.

- Lærarane har i fire oppgjer fått ut mindre pengar enn resten av den kommunale sektoren. Difor må me berre setja ned foten. Me kan ikkje finne oss i det, seier forhandlingsleiar for Unio, Helga Hjetland.

Kan bli fleire

Streiken omfattar sjukepleiarar, lærarar, førskulelærarar, forskarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og administrativt personale.

I følgje NTB er førebels 2.558 lærarar og 175 sjukepleiarar tekne ut, i tillegg til ergoterapeutar og fysioterapeutar.

Dersom streiken drøyer, kan fleire medlemar bli tekne ut.

Les kven som blir tekne ut i streik her (ekstern lenke)

I Oslo, som er eit eige tariffområde, fortsett Unio meklinga ut over kvelden og natta.

Varsler 500 i streik i Oslo (ekstern lenke)

Alle andre godtek

Det er klart at YS Kommune har godteke meklingsresultata for dei kommunetilsette. Den økonomiske ramma er på 6,3 prosent.

Samstundes godtok LO kommune meklingsresultatet, der hovudkravet var at ingen med full ansiennitet skal tene mindre enn 300.000 kroner.

Akademikarane i kommunane godtok òg tilbodet i kveld.

Ingen streik i staten

Det vert ikkje nokon streik i staten. Alle arbeidstakarorganisasjonane har godteke det siste tilbodet.

Oppgjeret har ei ramme på 6,1 prosent.

I kommuneoppgjeret vert det ytterlegare forseinkingar, og det er venta større problem her grunna forholdet til lærarane og helsepersonellet.