NRK Meny
Normal

1,6 milliardar til bøndene

Staten tilbyr bøndene 1,6 milliardar kroner i jordbruksoppgjeret. Det er halvparten av bondeorganisasjonane krav.

Jordbruksoppgjøret
Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Ole-Anton Teigen, synast ikkje tilbodet er godt nok.

- 3,3 milliardar var eit minimumskrav. Tibodet er lite samanlikna med det, sa han på pressekonferansen fredag.

Ikkje nøgde

Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet har hatt problem med å bli samde om kor mykje bøndene skal få, men i går kveld gjekk dei tre regjeringspartia saman om eit tilbod på 1,6 milliardar. Statens tilbod er eit av dei beste tilboda bøndene har fått, men bøndene har hatt store forventningar til oppgjerdet, og er ikkje nøgde.

- Tilbodet viser at staten har ein vilje til å komme jordbruket i møte, men det er langt opp til 3,3 milliardar, sa bondelagsleier Bjarne Undheim på pressekonferansen.

Prisene stig

Av den auka ramma på 1,6 milliardar skal 300 millionar gå til statsbudsjettet, i tillegg kjem 45 millionar kroner som frie middel. Resten, 1.255 millionar, får bøndene ta ut i auka priser. Og prisaukinga kjem i år.

Til saman stig prisen på storfekjøtt med 3.40 per kilo, svinekjøtt med 1.20 kroner, mens prisen på sau og lam stig med 5 kroner. Prisen på melk stig med 30 øre og kornprisene med 17 øre.

LES: Forbrukerne må betale

Moderat prisauking

Men statens forhandlingsleiar, Per Harald Grue, trur ikkje endringane vil gå hardt utover forbrukarane.

- Prisaukinga er ikkje så stor samanlikna med andre varar. Utslaget for det norske folk vil vere relativt moderate, sa han på pressekonferansen.

På budsjettet prioriterast og direkte tilskot til mindre bruk, velferdsordningar, auka beiting og styrking av distriktsprofilen. Samtidig tek budsjettet vare på den mest konkurranseutsette næringsmiddelindustrien.

Usemje i regjeringa

Kristin Halvorsen, Jens Stoltenberg og Åslaug Haga

Det tok lang tid før regjeringa vart samde.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Tilbodet kjem fleire dagar etter at det skulle vore klart.

LES: Ikke noe tilbud til bøndene i dag

LES: Bondetilbud utsatt igjen

Sentrale kjelder i Senterpartiet har skildra dragkampen i regjeringa som så hard at partiet kan kome til å bryte ut av det raudgrøne samarbeidet.

LES: Grasrota vil ha Sp ut av regjering

I fjor fekk bøndene 975 milliardar kroner i jordbruksoppgjeret. Det tilsvarte 17.000 kroner per årsverk. Årets tilbod tilsvarar 27.000 kroner per årsverk.

Godt utgangspunkt

Kravet frå bondeorganisasjonane er 3,3 milliardar kroner, og dobbelt så mykkje som bøndene no får.

LES: Bøndene krev 3,3 milliardar

Leder i Nord-Trøndelag Bondelag, Jon Trøite, er ikkje nøgd med tilbodet. Han meiner at ein ikkje kan samanlikne årets høge tilbod fra staten med tilbod som staten har gitt i tidlegare oppgjer.

- Det seier seg sjølv at årets tall må vere høgare enn før, sier Trøite, og fortel at dei har aksjonsplanane klare dersom forhandlingane ikkje fører fram.

Ein endeleg avtale skal vere klar den 16. mai.