Næringsminister Ansgar Gabrielsen har gjort ein altfor dårleg jobb, meiner Teknologibedriftenes Landsforening.
Teknologibedriftenes Landsforening (TBL) meiner det er krystallklart at det spanske verftet Dragados får subsidiar.
Knut Aaneland i TBL meiner næringsminister Ansgar Gabrielsen har gjort ein altfor dårleg jobb for å avsløre dette.
- Vi er svært skuffa over departementet. Dei har polemisert i avisene i staden for å setje seg i førarsetet og verkeleg bruke kanalane sine via EU til å finne ut av, og konkretisere, storleiken på subsidiane, seier Aaneland.
Krisesituasjon
TBL meiner det no er ein krisesituasjon. Ikkje berre for Kværner Rosenberg, men også for svært mange underleverandørar langs kysten.
Fleire hundre tilsette fryktar no for arbeidsplassane sine.
Statoil meiner tilbodet frå Dragados Offshore var svært mykje rimelegare enn det norske. Aaneland meiner statsråden burde brukt kontaktar i Europa til å finne ut om vilkåra var ulike i den beinharde konkurransen om milliardoppdraget.
Framleis håp
- Dei burde brukt ESA, kontrollorgan, ambassaden i Madrid og Eksportrådet, og verkeleg vist at dei ville slå eit slag for norsk leverandørindustri, seier Aaneland.
Sjølv om slaget verkar tapt for Aker Kværner, meiner han at det framleis finst håp. For det er ein liten sjanse for at Statoil ombestemmer seg, trur han.
- Vi kjem no til å gjere alt for å påverke dei andre lisenspartnarane til å sjå desse momenta. For å få dei til å få Statoil til å gjere om avgjerda, seier han.
NITO krev gransking
Norges Ingeniørorganisasjon (NITO) ber regjeringa granske om spanske verft får subsidiar i strid med EU sitt regelverk.
I eit brev til olje- og energiminister Gabrielsen hevdar NITO at det er grunn til å mistenkje Spania for ulovlege stønadsordningar.
- Vi kan ikkje akseptere at eventuelle ulovlege stønadsordningar for spansk verftsindustri leier til at norsk verftsindustri vert lagd ned og at fleire tusen arbeidstakarar langs kysten mistar arbeidet, seier NITO-president John A. Haugen.