NRK Meny
Normal

- Set opp renta to gonger

Økonomane i Nordea trur at Noregs Bank vil setje opp styringsrenta to gonger i år.

Sentralbanksjef Svein Gjedrem

Sentralbanksjef Svein Gjedrem set opp renta i mars, ifylgje Nordea.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Nordea-økonomane meiner at renta ikkje vil bli enda etter rentemøtet til Norges Bank onsdag. Renta vil bli sett opp i mars, medan neste renteauking kjem på hausten, i tredje kvartal.

Høg prisstiging

- Det er stor spenning knytt til lønns- og prisutviklinga utover våren, seier sjeføkonom Steinar Juel i Nordea.

Han trur at prisstiginga blir høgare enn det Norges Bank tidlegare har sett for seg, derfor ventar han ytterlegare to rentehevingar i år.

Trass i internasjonal finansuro og store fall på børsane, har økonomane i Nordea justert opp anslaga for økonomisk vekst i Noreg i 2008, sjølv om veksten ikkje blir like høg som i rekordåret 2007.

Investeringane i næringslivet, inklusive i oljesektoren blir høge også i år. Derimot flatar trulig bustadinvesteringane ut og kan kome til å gå litt ned.

Renteaukingane rammar

Etter høg forbruksvekst i fjor, og stor nedgang i sparing blant hushaldningane, er det venta ein meir moderat forbruksvekst i år.

Renteaukingane vil ramme sterkare når gjelda til hushaldningane er blitt høg. Samla sett blir derfor veksten lågare enn i rekordåret 2007.

Arbeidsmarknaden i Noreg vil framleis vere stram, ifylgje den makroøkonomiske rapporten til Nordea.