Hopp til innhold

- Oljefondet bør delast opp

Det norske oljefondet er blitt så stort at det bør delast opp i fleire fond, meiner økonomiekspert.

Steinar Mediaas er økonomiredaktør i NRK

Økonomikommentator i NRK, Steinar Mediaas meiner det norske oljefondet er blitt så stort at det bør delast opp i fleire mindre fond for å redusere risikoen for store tap.

Foto: NRK

I dag la Statens pensjonsfond utland (oljefondet) fram tala for 2. kvartal, som viser

at fondet fekk eit tap på 155 milliardar kroner.

– Eit så stort tap må få konsekvenser for den framtidige organiseringa av oljefondet, meiner NRKs økonomikommentator, Steinar Mediaas.

– Sjå til Sverige

Det norske oljefondet er i dag på 2800 milliardar kroner. Avkastninga av fondet endte på minus 5,4 prosent for månadane april, mai og juni.

Mediaas meiner milliardtapet som blei offentleggjort av Norges Bank i dag, gjer diskusjonen kring organiseringa av oljefondet brennaktuell. Han påpeiker difor at det kan vera på tide å sjå til «søta bror».

– Det svenske pensjonsfondet er ikkje på nær så stort som det norske. Likevel har svenskane valgt å dele det opp i fleire fond, forklarer økonomieksperten.

Risikospreiing

Fall i europeiske aksjemarknadar, der fondet har halvparten av sine aksjeinvesteringar, er årsaken til nedgangen. Dette som følgje av blant anna høg statsgjeld i nokre europeiske land, finansieringsproblem for bankane og frykt for eit nytt økonomisk tilbakeslag.

Etter finanskrisa har diskusjon innad i oljefondet ført til at fondet ikkje lenger er utelukkande i aksjeobligasjonar, men også i fast eigedom.

Mediaas meiner at ei omstrukturering av fondet kan bidra til ytterlegare risikospreiing.

– Det handlar om å redusere risikoen for så enorme tap. Å dele opp oljefondet i fleire mindre fond kan vera ein ein måte å gjere dette på, seier Mediaas som påpeiker at det dreier seg om sparepengane til det norske folk.

– Desse verdiane er det viktig å behandle på best mogleg måte, legg han til.

Investerte i BP

Den enkeltinvesteringa som har hatt det største verdifallet i perioden, er oljeselskapet BP. Etter eksplosjonen på boreriggen Deep Water Horizon i april, har verdien av aksjene vorte halvert.

Statens pensjonsfond har likevel kjøpt fleire aksjer i BP etter eksplosjonen.

– Når me kjøper, er det fordi me meiner det er ei god investering, seier Yngve Slyngstad, leiar for Norges Bank Investment Management (NBIM).

– Må tenkje meir langsiktig

Mediaas er derimot skeptisk til Oljefondet sine investeringar i BP. Han etterlyser ein mindre finansanalytisk og meir industriell måte å vurdere investeringane i oljefondet på.

– Den store utfordringa for oljefondet å liggje i ulike investeringar som gjer avkastning på lang sikt. Er dette er ein type industri me bør vera i om 25-50 år, spør Mediaas.

– Det som er føremålstenleg i dag behøver ikkje nødvendigvis å vera det i morgon, legg økonomikommentatoren til.