NRK Meny
Normal

- Økonomien betre raskare enn venta

Den internasjonale økonomien betrar seg raskare enn venta, seier finans­ministrane i G20-landa i ei fråsegn.

 

G20-landa er samde om at innsatsen regjeringane i fleire land har lagt ned, har vore vellukka.

Dei meiner derimot utviklinga ikkje går like fort alle stader, og at det difor kan vere naudsynt med skreddar­sydde politiske løysingar for ulike regionar.

Ministermøtet skjedde i Washington fredag.