- Dette er ikkje nok til å gjenopprette fri konkurranse, seier sjefsutviklar i Opera, Håkon Wium Lie.
- Det er litt for lite, litt for seint, seier han.
Det var i går at Microsoft, den største softwareprodusenten i verda, opplyste at dei ville levere den siste Windows-versjonen utan Explorer.
EU-kommisjonen
Håkon Wium Lie er sjefsutviklar i Opera.
Foto: Opera SoftwareMeldinga frå Microsoft om at dei vil droppe Explorer i Europa kjem like før EU-kommisjonen skal ta ei avgjerd i ei klagesak mot selskapet. Microsoft blir skulda for å bruke den dominerande posisjonen i marknaden til å presse fram sine produkt, og på den måten hindre fri konkurranse.
Hittil har Microsoft sagt at nettlesaren Explorer er ein integrert del i Microsoft sine produkt, og at han ikkje kan trekkjast ut. Men no har gigantselskapet snudd, og har varsla at den nye versjonen av Windows 7 i Europa blir utan Internet Explorer.
Ser på vilkåra
Ein tenestemann i EU-kommisjonen seier til Reuters at dei vil sjå nærmare på kva Microsoft vil gjere med den nye versjonen sin, og kva eventuelle vilkår selskapet har for dette.
- Vi har aldri foreslått at dei skal selje Windows utan Internet Explorer. Det vi har sagt er at dei må opne for at kundane kan velje mellom ulike nettlesarar, seier han.
EU-kommisjonen har gitt bøter til Microsoft på til saman over 14 milliardar kroner for ulike brot på konkurranselovene.
- Vedgår lovbrot
Thomas Vinje, ein norskætta advokat som representerer lobbyen i EU-parlamentet som har kjempa mot Microsoft sitt tilnærma monopol, seier at Microsoft si avgjerd om å droppe Explorer i Europa-versjonen av Windows 7, er det same som å vedgå at dei har brote lova tidlegare.
Han har inntrykk av at Microsoft med dette utspelet prøver å ramme EU-kommisjonen ved å få arbeidet til kommisjonen til å sjå latterleg ut. Han meiner kommisjonen på ingen måte må stanse saka mot den amerikanske datagiganten.
SE OGSÅ: