NRK Meny
Normal

- Leiarløner trugar demokratiet

Professor Nils Christie meiner leiarløningane øydelegg samfunnet. - Det trugar samfunnsmoralen.

Nils Christie

Professor Nils Christie er ein aktiv deltagar i samfunnsdebatten. No engasjerer han seg i høge leiarløner.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

- No sprengast alle grenser. Når meklararne  skal dele ein halv milliard og Reiten får 28 millionar er det vanvittig.

Professor Nils Christie engasjerer seg i lønsdebatten fordi han meiner den har tatt av.

Er det riktig å hauste med seg alt ein finn?

Nils Christie

- Den skaper ein grådighetskultur. Mykje vil ha meir. Det undergrev pliktmoralen i landet vårt.

Mot kriminalitet

Professoren i kriminologi ved Universitetet i Oslo har latt seg engasjere i lønsdebatten etter å ha fylgt nøye med den siste tida. Han meiner og at høge løningar sporar inn på hans eige fagfelt.

- Ein del av dei som utførar alvorlege lovbrot har tankar om å tene lettvinte pengar. Visst noko av dette er lettvinte pengar, så kan vel ikkje denne debatten vere noko anna enn eit glitrande eksempel.

- Hugs også på at gode sjefar vert lagt merke til av mange. - Det er ikkje få som ser opp til slike, hevdar professoren som og undrar på om det er riktig å hauste alt ein finn.

Blandar saman

Nils Christie seier han gjerne ønskjer at Næringslivet sin hovudorganisasjon (NHO) burde engasjere seg sterkare i debatten. Informasjonsdirektør Kåre Verpe seier Christie sausar saman fleire ting.

- Han teiknar ein karikatur. Meklarlønene er eit unntak som ikkje er gjengs i næringslivet. Samtidig må ein hugse på at det er ein kamp om

- Det han seier er at flest mogeleg skal seie dette er umoralsk. Vi må skilje her. Ta til dømes Jens Ulltveit Moe. Han er ein kapitalist. Slike treng vi, hevdar Verpe.