NRK Meny
Normal

- God lønn betrar ikkje skulen

Professor i samfunnsøkonomi Tore Falch ved NTNU meiner kvaliteten i den norske skulen ikkje blir betre av at lærarane får meir i lønn.

Penger
Foto: Keilen, Berit / SCANPIX

Helga Hjetland i Utdanningsforbundet vil ha meir lønn for å få opp kvaliteten i undervisninga, men Falch trur ikkje lønna påverkar undervisningskvaliteten.

Har ikkje helpt før

- Det er ikkje nokon grunn til å tru at lærarane vil utøve læraryrket på ein anna måte enn dei har gjort sjølv om dei får meir å rutte med, seier Falc til NRK.

Han syner til at lærarane sitt lønshopp ved tariffoppgjeret i 2000 og 2002 ikkje har ført til at norske elevar gjer det betre i internasjonale undersøkingar.

-Ut i frå PISA-testane har Noreg gjort det dårlegare og ikkje betre samanlikna med andre, seier Falch.

- Tull å krevje raske resultat

Per Aahlin i utdanningsforbundet meiner det er er heilt bak mål å krevje resultat på kort sikt.

- Ein får ikkje nokon effekt i september av eit lønnsoppgjer i mai, seier han.

Utdanningsforbundet er overbevist om at fleire kroner i lønningsposen vil betre rekrutteringa til yrket og dermed heve standaren på lærarane.

- Eg skal ikkje love at vi skal gje resultata i morgon, men på sikt er det heilt klart at det gjev betre resultat å få dei beste til å bli lærarar, seier Aahlin