Hopp til innhold

- Gjer eit bilkupp no

Sel bilen din sjølv, og kjøp ny kontant hos ein forhandlar, oppmodar Bilforlaget.

Bilsalg i Rana

Finanskrisa gir store utlslag i bilsalet, og skaper vanskelege tider for bilindustrien. Forhandlarane er villige til å strekke seg langt for kjøparar som kjem utan den gamle bilen.

- Eg vil råde folk til å prøve å selje bilen dei har sjølve, bli kvitt den til ein pris dei kan akseptere, og gå ut og kjøpe den billige bilen dei alltid har hatt lyst på, seier seier gründer og redaktør i Bilforlaget Jon Winding-Sørensen.

Markant nedgang

Salet av bilar gjekk ned med 14,4 prosent i 2008, viser tal frå Opplysningsrådet for Vegtrafikken. I alt vart det seld 110 617 nye personbilar i fjor.

Tala frå desember viser ein nedgang i salet på 1403 bilar, ein reduksjon på 15,2 prosent frå same månad i 2007. Bilbransjen varslar at 2009 blir eit svært usikkert år for bilbransjen

Det positive med utviklinga er at stadig fleire vel miljøvenlege køyretøy. Salet av bilar med lågt eller ingen utslepp gjekk opp med 32, 6 prosent. Elles ser det dystert ut for bilindustrien.

Les: Bråbrems for norsk bilindustri

Les: Bilsalget stuper i Europa

- Cash er konge

Winding-Sørensen meiner ein ikkje skal la seg lure av prisen i frontruta.

- Dersom du kjem med kontantar og viser seljaren pengane, kan du få utruleg gode kjøp for tida. Det varierer litt frå merke til merke, men stort sett kan du vere bombesikker på at cash er konge, slår han fast.

Årsaka til dette er at bilforhandlarane er har stort behov for å få inn pengar.

- Forhandlarane er avhengige av å få inn kroner for å halde drifta i gang, og derfor må dei setje ned prisen, seier Winding-Sørensen.

Vil ikkje ha fleire

Opplysningsrådet for Vegtrafikk meiner også at bilkjøparane kan tene på å selje den gamle bilen på eigehand.

- Eg trur forhandlarane kvir seg veldig for å ta inn fleire bilar enn dei treng, og det å få selt ein bil og få pengar i kassa er veldig viktig no når dei ser at salet er på veg nedover, seier Thorvald Gjønnæss.

Bilforhandlarane har brukt hausten til å redusere lagra sine, men innbytebilar får ein framleis svært dårlig pris for, ifølge Winding-Sørensen.

- Bilforhandlarane vil ikkje ha bilar i innbytte som dei risikerer å ikkje blir kvitt, få solgt, seier han.

- Prøv deg

Dei som skal kjøpe seg ny bil, kan gjere ein god handel. Om dei skal kjøpe ny eller brukt bil spelar ingen rolle.

- Begge delar står på lager og belastar likviditeten, så berre prøv, oppmodar Winding Sørensen.

Les også: Bilgigant kan gå konkurs

Les også: - Volvo og Saab kan gå konkurs