Det skriv danske Ingeniøren.
Norsk Transportøkonomisk institutt stadfestar ovan for NRK at bilbruken vil gå ned dersom bensinprisane stig.
- Unødvendig med nye motorvegar
Analytikarar har nyleg spådd at oljeprisen kan stige til 200 dollar om to år.
LES:
Dersom spådommane blir ein realitet, vil bileigarane køyre om lag 30 prosent færre kilometer med bilane sine, meiner dei danske forskarane Thomas Christian Jensen og Mogens Fosgerau.
Dermed kan behovet for utbygging av fleire motorvegar og bruer bli kraftig resusert.
Forskarane hevdar at utviklinga vil gjere fleire vegprosjekt overflødige.
Overraska forskarar
Forskarane innrømmer at dei er forbausa over at bilforbruket går så mykje ned dersom bensinprisen stig.
- Eg er overraska over resultatet. Dette kan få store konsekvensar også for bustadprisane i ulike område. Folk vil i større grad på busetje seg nær arbeidsplassen, seier Jensen til Ingeniøren.
Utrekningane tek utgangpunkt i at den danske bensinprisen stig til 15 kroner literen.
Dette er eit lågt tal, med tanke på at bensinselskapet Ok Benzin varslar bensinpris på 20 kroner literen dersom oljeprisen blir 200 dollar. Bensinprisen i Danmark er i dag på rundt 11 kroner literen.
Reduksjon også i Noreg
Norsk Transportøkonomisk institutt er meir nøktern til tilhøvet mellom bensinpris og forbruk av bil.
Deira utrekningar visar at bilkøyringa vil gå ned med om lag 20 prosent dersom bensinprisen doblar seg.
Den gode økonomien i Noreg gjer at dyrare bensinprisar ikkje påverkar bilbruken i veldig stor grad.