Hopp til innhold
Info fra NRK

Vidar Eidhammer tildelt mediemålpris

Vidar Eidhammer vert heidra for evna si til å bruke eit godt og korrekt nynorsk normaltalemål.

Vidar Eidhammer får Alf Helleviks mediemålpris for 2022.

PRISVINNAR: Vidar Eidhammer vart overraska med Alf Hellevik sin mediemålpris for 2022.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Alf Helleviks mediemålpris går til nynorskbrukarar i radio og TV som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål.

– Eg er ikkje så glad i merksemd for det eg gjer, så dette vart litt mykje, men tusen takk, sa prisvinnaren.

Han fekk prisen etter ei morgonvakt, der han med ei klokkeklar røyst har losa alle Dagsnytt sine lyttarar gjennom dei viktigaste sakene denne morgonen. Vidar Eidhammer gjekk på kull fem på NRK Nynorsk mediesenter i 2006. Han hadde praksis i NRK Sport, og vart fast tilsett i NRK i 2014.

Juryen var ikkje i tvil om at Eidhammer har gjort seg fortent til prisen.

Grunngjevinga frå juryen:

Prisvinnaren har nærast blitt eit nynorsk varemerke, ein dagleg nynorsk-garantist i NRK sine nyheitssendingar på radio. Vidar Eidhammer er eit viktig symbol for at det nynorske normaltalemålet skal leva i det offentlege rommet. Å ta vare på det nynorske språket, at det blir brukt, stempla med kvalitet, er ei viktig oppgåve for NRK.

Eidhammer er blant dei fremste til å målbera dette i ei tid der det norske språket på mange måtar er trua av engelsk, emojis og grammatikalsk vankunne hjå mange, også blant journalistar. Eidhammer nyttar eit korrekt, nynorsk normaltalemål i tråd med reglane i NRK for språkbruk i nyheitssendingar.

Prisvinnaren må til dagen jobba intenst med å gjera vanskelege saker forståelege i den aller kortaste, munnlege journalistiske sjangeren - bulletengen. Det er ein krevjande jobb. Det er ikkje berre å lesa nyheitene. Nyheitsbulletengen skal vera nøytral, skoren til beinet, fritt for utanomsnakk. Difor fylgjer det mykje ansvar med ein slik jobb. Vidar Eidhammer meistrar denne oppgåva på ein framifrå måte. Bodskapen som kjem frå Eidhammers munn er alltid råd å forstå. Med si rolege og dynamiske røyst når innhaldet fram til publikum utan støy og utanomsnakk.

Språket er godt farga av regionen Eidhammer kjem frå – Skjold i Rogaland, litt nordaust for Haugesund.Vidar Eidhammer vart fast tilsett i Nyheitsdivisjonen 1.september 2014, etter å ha hatt diverse vikariat. Han gjekk ut av Nynorsk mediesenter i Førde i februar 2007 og etter det har han stort sett jobba i radionyheitene, med litt busskøyring og studiar innimellom.