Idet dei fem praktikantane på kull 38 gjekk ut dørene på prestebøen i Førde vart dei historiske.
– Det er alltid rart og litt trist å takke av praktikantane etter fire månadar med tett oppfølging. Å sjå denne gjengen gå ut dørene frå mediesenteret for siste gong er likevel ekstra spesielt, sidan det set sluttstrek for ein lang epoke i mediesenteret si historie, seier leiar Rune Fossum Lillesvangstu.
190 praktikantar har fått opplæringa si på det såkalla «loftet» på NRK-bygget rett utanfor Førde sentrum. Dei fem neste praktikantane blir dei første til å ta i bruk det nye nynorskhuset, der mediesenteret flyttar inn saman med resten av NRK, Nynorsk Avissenter, Firda og Teater Vestland.
LOFTET: Sidan NRK Nynorsk mediesenter starta opp i 2004 har 190 nynorskpraktikantar har fått opplæring i radio, tv, nett og sosiale medium her på «loftet». Lokala på toppen av NRK-bygget har vore sentrum for all kunnskapsdelinga som har skjedd gjennom åra.
Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRKKlare for nye utfordringar
Sjølv om staden blir ny, så kjem opplæringa også framover til å bli lagt opp etter den same lesten. Sentralt i dette står «lære ved å gjere det-metoden», kombinert med oppæring og tett rettleiing frå operative journalistar. Det har vist seg å fungere godt i snart 20 år.
– Eg kom hit utan journalistisk erfaring, og no kjenner eg meg klar til å jobbe som journalist, på berre fire månadar. Det har vore intensivt, veldig lærerikt og kjekt. Eit solid opplegg, som eg absolutt vil anbefale vidare, seier Synne Malen Sandven, ein av dei fem på kull 38.
No står to månadar i ekstern praksis for tur for dei fem praktikantane. Synne Malen Sandven skal til utanriksredaksjonen på Marienlyst. Ho får følgje av Hedda Kurseth som skal til innanriksredaksjonen, og Annvor Seim Vestrheim som blir del av Ung-redaksjonen. Ingrid Turtum blir ein del av lagt til NRK Innlandet på Lillehammer, og Oda Bjønnes Hanslien reiser til Fredrikstad og NRK Oslo og Viken.