Hopp til innhold
Info fra NRK

Praktikantane på kull 39 har fått praksisplassar

Nye NRK-redaksjonar kan glede seg til å ta imot kvar sin nynorskpraktikant ved årsskiftet.

Kull 39 med nynorskpraktikantar samla i dei nye lokala til NRK Nynorsk mediesenter i Førde.

KULL 39: Frå venstre: Julie Haugen, Matilde Sunde Solsvik, Ingrid Byggland, Jarand Aga Baas og Martin Værum Anda.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Kull 39 har fått praksisplassar med stor geografisk og innhaldsmessig variasjon:

  • Julie Haugen: NRK DM-redaksjonen (Tyholt)
  • Matilde Sunde Solsvik: NRK P3 nett (Marienlyst)
  • Ingrid Byggland: NRK Vestfold og Telemark (Porsgrunn)
  • Jarand Aga Baas: NRK P3 (Urørt, radio og nett på Tyholt)
  • Martin Værum Anda: NRK Vestland (Bergen)

Eg er godt fornøgd med denne kabalen. Det er kjekt å sende flinke praktikantar til redaksjonar som har behov for nynorskbrukande journalistar, og vi har fått til ei fin fordeling mellom distriktskontor, riksredaksjonar og redaksjonar med digitalt og ungt fokus, seier leiar ved NRK Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu.

Praktikantane på kull 39 er snart ferdige med den grunnleggande opplæringa. Om eit par veker er dei i sving med intern praksis på nyhendedesken i Førde. Så ventar den eksterne praksisperioden i januar og februar 2024.