NRK leitar etter fem samfunnsengasjerte personar som vil jobbe med journalistikk på nynorsk. Søknadsfristen er 15. april.
Du kan søkje uansett kor du kjem frå, men er du frå Nord-Norge, Trøndelag, Sørlandet, Vestfold og Telemark eller Innlandet, er du særleg velkommen i søknadsbunken.
Det skadar heller ikkje om du har ei utdanning eller ein yrkesbakgrunn ikkje alle andre journalistar har, for all erfaring og kompetanse kan komme til nytte i journalistikken.
I løpet av eit spennande og kjekt halvår som nynorskpraktikant vil du få grundig opplæring i NRK sine verktøy og teknikkar for å lage saker på ulike plattformer.
Du får lære å skrive nettsaker og lage reportasjar for radio og TV. Du får rettleiing i å gjere intervju, å bruke stemma og å vere direktereporter – i tillegg til mykje anna.
Praktisk opplæring
– Det er takka vere NRK Nynorsk mediesenter at eg no meistrar å jobbe med nyheiter til både TV, radio og nett, på stødig nynorsk, seier Ingrid Årdal.
Ho var ein av fem som starta på NRK Nynorsk mediesenter i januar 2022. Etter seks månadar med opplæring på NRK Nynorsk mediesenter og nokre månadar som vikar vart ho fast tilsett i NRK Nordland.
– Å søkje deg til NRK Nynorsk mediesenter er noko av det luraste du kan gjere viss du vurderer å bli journalist. Du får ei bratt læringskurve som gjer deg dyktig og aktuell seinare i arbeidslivet, seier Årdal.
FAST JOBB: Ingrid Årdal hadde praksisen sin i NRK Nordland. – Å vere nynorskpraktikant er som å tre inn i ei berg-og-dal-bane som du ville stått i kø for å ta om igjen, seier ho om tida som nynorskpraktikant.
Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRKSøknadsfrist 15. april
Det einaste formelle kravet vi stiller, er at du har fullført vidaregåande opplæring. Det er dessutan eit sterkt ønske om at du har førarkort for bil.
– Vi ser etter dei journalistiske talenta, dei som diggar nyhende og har eit blikk for saker som treffer eit ungt publikum. Du følgjer med på det som skjer rundt deg, og klarer å formidle det til publikum på ein enkel og truverdig måte, seier Lillesvangstu.
Det er fem plassar på kvart kull med praktikantar. Det 39. kullet startar i Førde 21. august og er ferdig 29. februar 2024.
Klikk deg gjerne rundt på nettsida vår, så finn du kanskje svar på mange av spørsmåla du har. Fristen for å søkje som nynorskpraktikant er laurdag 15. april.
Vi samarbeider også med Nynorsk Avissenter, dei har søknadsfrist same dag. Om du vil, kan du også søkje der.
ALLSIDIG OPPLÆRING: I løpet av praksistida lærer du å lage saker til radio, nett og fjernsyn. Du får prøve å filme og redigere eigne saker, ta foto og gå direkte på både radio og TV.
Foto: NRK / NRK