– Då eg fekk vite det gjekk smilet mitt nesten trill rundt. Eg var både letta og stolt, for eg hadde ikkje trudd dette skulle skje så raskt, seier Årdal om den faste journaliststillinga.
Ho rosar redaksjonen i Bodø for mykje humor og høg kompetanse, noko som bidreg til at ho trivst godt i jobben. Då ho starta som nynorskpraktikant på kull 36, hadde ho med seg erfaring frå studentradioen i Bergen, eit sommarvikariat i lokalavisa Firda og ho hadde også arbeidd med innhaldsproduksjon på fleire flater for Universitetet i Bergen. No ser ho fram til å formidle gode, viktige og artige saker frå Nordland til eit større publikum.
– Eg tykkjer det er kjekt å ha ein variert arbeidskvardag, der ein vekslar mellom å vite kva dagen bringer, til at eg andre gonger ikkje veit korleis dagen blir i det heile, seier Årdal
Distriktsredaktør i NRK Nordland, Vibeke Madsen, er kjempefornøgd med å ha Ingrid på laget.
– Ho er ein dyktig og allsidig journalist, som bidreg med godt innhald på alle plattformer. Det er også veldig positivt for oss at vi har journalistar som har nynorsk som hovudmål. Det gjer at vi leverer betre på nynorskandelen.
Viktig rekruttering for nynorsken
For NRK Nynorsk mediesenter er det alltid jubel når det er klart at ein av dei tidlegare praktikantane har fått seg fast jobb. Leiar Rune Fossum Lillesvangstu tillet seg eit ekstra hurrarop då denne tilsettinga var klar, for i Nordland er behovet for nynorskbrukande journalistar stort.
– Med Ingrid på laget så får redaksjonen i Bodø ikkje berre ein god og flink journalist, men også ein stødig nynorskbrukar. Det er utruleg kjekt at dei satsar på ho, og det vil bidra til at nynorsk blir meir synleg i Norland.
No er det to personar som skriv på nynorsk i redaksjonen. Frå nyttår blir Ingrid åleine.
Ingrid G. Årdal hadde også praksisperioden sin i NRK Nordland, og har vore der totalt i seks månadar. Erfaringane, også knytt til nynorsk, har vore gode.
– Eg har fått desidert flest positive tilbakemeldingar, og trur det jamt over har vore ei haldningsendring i løpet av dei siste åra, der det er større rom for å skrive nynorsk, men også formidle det munnleg på radio. Så er det jo kjekt, litt fordi Nord-Norge generelt har mange spor av nynorsk i sine dialekter. Sjølv om ikkje alle er heilt klar over det.